
- Denne hending er over.
Regionalt nettverk for nyutdanna pedagogar
9. april, kl. 12:30 - 15:30
GratisStad: HVL, Sogndal campus. Rom: Frigg 1 + 2 i Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Frigg 1, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap eller kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Onsdag 9.april 2025 kl 12.30-15.30
Lunsj: Det blir servert enkel lunsj i klasserommet kl 12.30, så startar me opplegget rett etter
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Nyutdanna pedagogar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skular og vaksenopplæring i Sogn som vart ferdig utdanna sommaren 2023 eller 2024.
Les programmet som pdf-fil her: Invitasjon og program – regionalt nettverk for nyutdanna pedagogar 09.04.2025
Me er klare for ei ny runde med nettverksamling, og gler oss til å høyre korleis de opplever arbeidskvardagen som nyutdanna pedagogar i Sogn etter førre samling i september. Evalueringar frå tidlegare samlingar har synt at de ynskjer meir av grupperettleiing, deling av erfaringar og drøfting i fellesskap. Det har me difor lagt til rette for. Me kjem til å ha felles oppstart før me deler oss i rettleiingsgrupper: barnehagelærarar og lærarar kvar for seg.
Program:
12.30- 12.50: Me et lunsj saman og minglar litt.
12.50- 13.10: Velkommen og kort informasjon v/ Ingrid
- Korleis er livet som nyutdanna i dag? Kva opplevast positivt? Utfordringar? Me deler erfaringar i gruppe/par
- Temadag for nyutdanna pedagogar, sisteårsstudentar og rettleiarar 22.mai
13.10- 15.10: Rettleiing i grupper etter Handal og Lauvås sin rettleiingsmodell eller reflekterande team (sjå to vedlegg)
- Gruppene legg inn ein pause i rettleiingsøkta når det høver best
15.10- 15.30: Me samlast i plenum for deling, evaluering og plan for vidare arbeid.
Førebu deg til samlinga ved å lese vedlegga «Problemretta veiledning i gruppe» og «Reflekterande team» som me kan bruke som mal for rettleiingsøkta:
Problemretta veiledning i gruppe
Målet er å bli kjend med andre nyutdanna pedagogar i Sogn, at me skaper eit fagleg og sosialt nettverk og får inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet som nyutdanna. Me ynskjer nemleg å behalde deg i dette flotte yrket! 😊 Me håpar dette er noko du ynskjer å delta på – du er hjarteleg velkommen!
Ansvarleg for samlinga:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no mob: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: Fredag 4.april kl 15.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Har du framlegg til tema eller noko du vil dele på samlinga er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt!
Beste helsing frå
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sognaregionen