- Denne hending er over.
Regional planleggingsdag for skulane. Skulefråvær – «eit wicked problem»
07/11/2025, kl. 09:30 - 15:00
500KrDeltakarar: Alle tilsette ved skulane i Sogn 1. -10. trinn, skuleeigarar, BUP, PPT, barnevern, skulehelsetenesta og andre samarbeidsaktørar rundt barn og unge i Sogn. Tilsette ved VGS er også velkomne.
Kvar: Quality Hotel Sogndal, «Fjordsalen»
Tidspunkt: Fredag 7.november kl 9.30-15.00. Registrering frå kl 9.00
Pris: 500 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant. «System for styrka læring» sponsar om lag 200 kr pr pers for å halde utgiftene for skulane nede. Bindande påmelding.
Det er begrensa med parkering, tenk gjerne samkøyring eller parkering litt lengre unna.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program for regional planleggingsdag for skulane 07.11.2025
Her er lenkja til streaming av den regionale planleggingsdagen (lenkja er tilgjengeleg i eit år til 15.11.2026):https://www.youtube.com/live/Dxc3ffwCv98
Trude Havik er professor i pedagogisk psykologi ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger. Trude Havik har doktorgrad i spesialpedagogikk, og har forska på fråværstematikken sidan 2010, og gitt ut boka «Skolefravær- å forstå og håndtere skolefravær og skolevegring».
Cecilie Udberg-Helle er utdanna allmennlærar med master i læring og undervisning (tilpassa opplæring for evnerike), master i organisasjon og leiing (utdanningsleiing) og master i spesialpedagogikk (psykisk helse barn og unge, skulefråvær). Ho har undervisningserfaring frå 1. til 13. trinn, samt vaksenopplæring. Leiar no Sunnfjord kommune sitt skulefråværsprosjekt og held på med ein doktorgrad om same problematikk.
Tema for dagen er «skulefråvær»
- Skulefråvær – eit kompleks og samansett fenomen
- Skulen sine mogelegheiter og avgrensingar
- Kvifor jobbe saman om dette i kommunane?
Det blir veksling mellom føredrag og litt summing.
Program:
09.00- 09.30: Registrering, kaffi/te
09.30- 09.40: Velkommen og presentasjon av initiativtakar: fråværsgruppa i Sogndal kommune
09.40- 10.15: Kvifor eit slikt prosjekt? v/ Cecilie Udberg-Helle
10.15- 10.30: Pause
10.30- 11.30: Skulefråvær – eit «wicked problem»: Saman som kommune står me sterkare v/ Trude Havik – del 1
11.30- 11.45: Pause
11.45- 12.50: Skulefråvær – eit «wicked problem»: Saman som kommune står me sterkare v/ Trude Havik – del 2
12.50- 13.50: Lunsj
13.50- 14.50: Det praktiske arbeidet i kommunen. Kva, kvifor, korleis? v/ Cecilie Udberg-Helle
14.50- 15.00: Avslutning og evaluering. Informasjon om etterarbeid ved einingane.
Det er viktig at deltakarane blir med heile dagen fram til kl 15.
Påmelding:
- Påmeldingsfrist for den einskilde som skal delta fysisk på hotellet: 27.oktober kl 16 på påmeldingssida. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
- Det er fint om arbeidsplassane som kjem til å delta fysisk sender eit stipulert tal deltakar til programleiar på e-post i løpet av 22.oktober, slik at hotellet får oversikt over ca tal til lunsj.
- Arbeidsplassane som skal delta digitalt melder frå til programleiar på e-post i løpet av 22.oktober slik at me har oversikt
Velkommen til fagleg påfyll gjennom planleggingsdag i Sognaregionen!
Med helsing, på vegne av arrangørgruppa:
Ingrid Steine Bortne
Programleiar «System for styrka læring», barnehage- og skuleutvikling
Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no
Tlf 48 25 03 06
