Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Regional planleggingsdag for alle i skule, PPT og samarbeidspartar – digitalt føredrag «Tiltak mot vald og aggresjon i skulen»

17. august, kl. 08:30 - 11:15

Gratis

Me ynskjer alle tilsette ved skulane i Sogn, PPT og samarbeidspartar velkomne til regionalt digitalt føredrag «Tiltak mot vald og aggresjon i skulen» med

Ole Greger Lillevik.

 

Kvar: Einingane organiserer for felles digitalt føredrag og refleksjonsoppgåver i grupper som etterarbeid. Møtelenkje i Zoom vert sendt til rektorane, PPT-leiarar og andre sentrale aktørar seinast 16.august.  Du finn den også her frå 7.august: https://uit.zoom.us/j/69657237628  Gjer vel og test at den verkar som den skal i forkant. Fint om de loggar inn minst 10 minuttar før føredraget startar.

Tidspunkt: Torsdag 17.august kl 8.30-11.15. Etter føredraget jobbar me med Ole sine refleksjonsoppgåver i grupper på eigen arbeidsplass, ca. 1,5- 2 timar. Skuleleiinga eller andre leiarar styrer denne økta lokalt. Resten av dagen kan nyttast til lokalt arbeid på skulen/ i kommunen.

 

Det vert ikkje gjort opptak av føredraget denne gongen, så de må følgje det direkte via Zoom.

 

Her kan du lese programmet og meir informasjon om den regionale planleggingsdagen: Invitasjon til regional planleggingsdag for skulane, PPT og samarbeidspartar 17.08.2023

 

Ansvarleg for samlinga:

Ingrid Steine Bortne, programleiar «System for styrka læring», Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no mobil: 48 25 03 06

Regional planleggingsdag for alle i skule, PPT og samarbeidspartar – digitalt føredrag «Tiltak mot vald og aggresjon i skulen»

Detaljar:

Dato
17. august
Tid:
08:30 - 11:15
Billettpris:
Gratis

Arrangør

Sogn regionråd