Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Ped.leiar nettverk

11. februar, kl. 12:00 - 15:30

Gratis

Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Klasserom: Guristova 1.etg:  GUR207, Guristova, Campus Sogndal – MazeMap

Sjå også kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no) 

Tidspunkt: Tysdag 11.februar 2025 kl. 12.00- 15.30

Målgruppe: Alle pedagogiske leiarar i barnehagane i Sogn

Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar

 

Les programmet som pdf-fil her: Program ped.leiarnettverk 11.02.2025

 

Me ynskjer velkommen til nettverkssamling for pedagogiske leiarar i Sogn

Målet for nettverket er å styrke dykk i rolla som ped.leiarar. Du er sjølvsagt hjarteleg velkommen sjølv om du ikkje har delteke i nettverket tidlegare.

Me møtes til lunsj og mingling frå kl 12.00. Kl 12.30 startar det faglege innhaldet. Me deler ettermiddagen inn i to bolkar med gode pausar mellom.

 

Heidi Myrvold frå NAV arbeidslivssenter og underteikna skal lose oss gjennom denne ettermiddagen.

Tematikk for samlinga:

  • Nærvær i barnehagen v/ Heidi
    • Kva fremjar nærvær i din barnehage?
    • Kva gjer at me gler oss til å gå på jobb?
    • Kva miljøfaktorar kan me jobbe med for å auke nærværet?

 

  • Rettleiing som metode – praktisk utprøving i grupper v/ Ingrid
    • Førebu deg til samlinga ved å lese gjennom malen me skal bruke: her
    • Tenk gjennom ei konkret problemstilling frå jobben som du ynskjer rettleiing på – kanskje det blir di problemstilling som skal jobbast vidare med i gruppa

 

Påmeldingsfrist: Onsdag 5.februar kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet. Me må vere minst 20 deltakarar for å gjennomføre samlinga.

 

Me fått Helina Lundestad frå Furuli barnehage til å vere nettverksansvarleg, men ho er framleis ute i barselpermisjon 😊

 

Velkommen! Håpar å sjå deg der!

 

Beste helsing frå

 

Ingrid Steine Bortne

Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn

Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)

Tlf: 48 25 03 06

Ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

Ped.leiar nettverk

Detaljar:

Dato
11. februar
Tid:
12:00 - 15:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

System for styrka læring i Sogn
Telefon:
+4748250306
Epost:
ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

Lokale

HVL, campus Sogndal
Røyrgata 6
Sogndal, 6856
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
Askedalen banehage ASInger-Lise Knudsen
Askedalen barnehage ASIda Helen Grini
Askedalen barnehage ASIngvild Lund
Askedalen barnehage ASLillian Bruheim
Askedalen barnehage ASMalin Slinde Thorsnes
Luster kommuneElisabeth Dale Larsen
Luster kommuneHilde Kristoffersen
Luster kommuneKathrine Myhre
Luster kommuneKristian Tuften
Luster kommuneKristine Haugen
Luster kommuneMalene Kvam
Luster kommuneSilje Mikkelsen
NAV arbeidslivssenterHeidi Myrvold
Sogn KOIngrid Steine Bortne
Sogndal kommuneAnne Nina Johnsen
Sogndal kommuneAud Torun Strømseng
Sogndal kommuneBente Mari Venes
Sogndal kommuneElin Mardal
Sogndal kommuneJorunn Marie Bøyum Halland
Sogndal kommuneLiv Bruhaug
Sogndal kommuneMarit Tveite Bystøl
Sogndal kommuneSunniva Sandven
Sogndal kommuneSølvi M Sæterdal
Sogndal kommuneVibeke Linde

Påmeldte deltakarar

Heidi Myrvold NAV arbeidslivssenter Silje Mikkelsen Luster kommune Elisabeth Dale Larsen Luster kommune Hilde Kristoffersen Luster kommune Bente Mari Venes Sogndal kommune Sølvi M Sæterdal Sogndal kommune Jorunn Marie Bøyum Halland Sogndal kommune Anne Nina Johnsen Sogndal kommune Sunniva Sandven Sogndal kommune Ingvild Lund Askedalen barnehage AS Malin Slinde Thorsnes Askedalen barnehage AS Lillian Bruheim Askedalen barnehage AS
Kristian Tuften Luster kommune Kathrine Myhre Luster kommune Kristine Haugen Luster kommune Liv Bruhaug Sogndal kommune Vibeke Linde Sogndal kommune Marit Tveite Bystøl Sogndal kommune Elin Mardal Sogndal kommune Malene Kvam Luster kommune Aud Torun Strømseng Sogndal kommune Ida Helen Grini Askedalen barnehage AS Inger-Lise Knudsen Askedalen banehage AS Ingrid Steine Bortne Sogn KO

Påmeldinga er avslutta