- Denne hending er over.
Nettverk for pedagogiske leiarar i barnehage
3. februar, kl. 12:00 - 15:30
GratisStad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Rom: Verdandi i 1.etg Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Verdandi, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Tysdag 3.februar 2026 kl. 12.00- 15.30
Målgruppe: Alle pedagogiske leiarar i barnehagane i Sogn
Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Du kan lese programmet som pdf-fil her: Program ped.leiarnettverk 03.02.2026
Me ynskjer velkommen til nettverkssamling for pedagogiske leiarar i Sogn
Målet for nettverket er å styrke dykk i rolla som ped.leiarar. Du er sjølvsagt hjarteleg velkommen sjølv om du ikkje har delteke i nettverket tidlegare.
Me møtes til lunsj og mingling frå kl 12.00.
Kl 12.30 startar det faglege innhaldet. Me deler ettermiddagen inn i to bolkar med pausar.
Heidi Myrvold frå NAV arbeidslivssenter og underteikna skal lose oss gjennom denne ettermiddagen.
Tematikk for samlinga:
- Handtering av sjukefråvær v/ Heidi Myrvold
Vi ser korleis ein best mogleg kan handtere sjukefråværet som er på avdelingane. Vi tek opp konkrete problemstillingar som er aktuelle for dykk som pedagogiske leiarar.
- Rettleiing som metode – praktisk utprøving i grupper v/ Ingrid Steine Bortne
- Førebu deg til samlinga ved å lese gjennom malen me skal bruke: her
- Tenk gjennom ei konkret problemstilling frå jobben som du ynskjer rettleiing på – kanskje det blir di problemstilling som skal jobbast vidare med i gruppa
Påmeldingsfrist: 27.januar kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet. Me må vere minst 12 deltakarar for å gjennomføre samlinga.
Velkommen! Håpar å sjå deg der!
Beste helsing frå
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn
Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf: 48 25 03 06
Ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
