Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Nettverk for nyutdanna pedagogar i barnehage og skule og rettleiarar

23. april, kl. 12:30 - 15:30

Gratis

Stad: HVL, Sogndal campus. Rom: Hild 1 + 2 i Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Hild 1, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap

Tidspunkt: Torsdag 23.april 2026 kl 12.30-15.30

Lunsj: Det blir servert enkel lunsj i klasserommet kl 12.30

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar

Målgruppe: Nyutdanna pedagogar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skular og vaksenopplæring i Sogn som vart ferdig utdanna i 2024 eller 2025 + lokale rettleiarar

 

Me er klare for ny nettverksamling, og gler oss til å høyre korleis de opplever arbeidskvardagen som nyutdanna pedagogar i Sogn. Evalueringa frå tidlegare samlingar har vore tydeleg på at dei nyutdanna ønska meir av grupperettleiing, deling av erfaringar og drøfting i fellesskap. Det har me difor lagt til rette for. Også denne gongen inviterer me rettleiarar slik at dei kan få jobbe saman med andre rettleiarar i Sogn. Om du er rettleiar utan å ha nyutdanna å rettleie dette året ,er du likevel velkommen til samlinga for å bidra og få påfyll. Me kjem til å ha felles oppstart før me deler oss i grupper: barnehagelærarar, lærarar og rettleiarar kvar for seg.

 

Program:

12.30- 13.00:      Me et lunsj saman og minglar litt.

13.00- 13.10:      Velkommen og kort informasjon om dagen v/ arrangørane

13.10- 15.00:      Rettleiing i grupper der me nyttar rettleiingsmodell

  • Barnehagelærarar
  • Lærarar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring
  • Rettleiarar

Gruppene legg inn pausar i rettleiingsøkta når det høver best

15.00- 15.30:      Me samlast i plenum for deling, evaluering og plan for vidare arbeid.

 

Førebu deg til samlinga ved å tenke gjennom ei utfordring du ynskjer rettleiing på, og lese gjennom vedlegget «Problemrettet veiledning i gruppe» etter modell frå Handal og Lauvås som me vil bruke som mal for rettleiingsøkta denne ettermiddagen:  Problemretta kollegarettleiing i grupper

 

 

Målet er å bli kjend med andre nyutdanna pedagogar og rettleiarar i Sogn, at me skaper eit fagleg og sosialt nettverk og får inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet som nyutdanna eller rettleiar. Me håpar dette er noko du ynskjer å delta på – du er hjarteleg velkommen!

 

 

Ansvarleg for samlinga:

Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no mob: 48 25 03 06.

 

Påmeldingsfrist: 15.april kl 23.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.

 

Har du framlegg til tema eller noko du vil dele på samlinga er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt!

 

 

Beste helsing frå

 

Evelyn Eggum og Dorthea Sekkingstad                                                  Ingrid Steine Bortne

Kontaktpersonar for tiltaket                                                                      Programleiar barnehage- og skuleutvikling,

«Ny som lærar på Vestlandet», HVL                                                       Sognaregionen

 

Nettverk for nyutdanna pedagogar i barnehage og skule og rettleiarar

Detaljar:

Dato
23. april
Tid:
12:30 - 15:30
Billettpris:
Gratis

Lokale

HVL, campus Sogndal
Røyrgata 6
Sogndal, 6856
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
HVLDorthea Sekkingstad
HVLEvelyn Eggum
Lærdal kommuneChristel Jensen Dyrdal
Lærdal kommuneMartha Kristine Gjengedal
Sogn KOIngrid Steine Bortne
Sogndal kommuneSynnøve Berdal
Sogndal kommuneTina Heggestad
Sogndal kommuneTonje G. Sjøthun
Sogndal kommuneTurid K. Ramstad
Stedje BarnehageMarit-Sofie Gangsø Bekkevold
Stedje BarnehageThea Dahlberg

Påmeldte deltakarar

Evelyn Eggum HVL Thea Dahlberg Stedje Barnehage Turid K. Ramstad Sogndal kommune Martha Kristine Gjengedal Lærdal kommune Synnøve Berdal Sogndal kommune Ingrid Steine Bortne Sogn KO
Dorthea Sekkingstad HVL Marit-Sofie Gangsø Bekkevold Stedje Barnehage Tina Heggestad Sogndal kommune Christel Jensen Dyrdal Lærdal kommune Tonje G. Sjøthun Sogndal kommune

Påmeldinga er avslutta