- Denne hending er over.
Nettverk for lese- og skrivevanskar. Tematikk: Matematikkvanskar
04/11/2025, kl. 08:30 - 14:00
GratisVelkommen til nettverksamling for lese- og skrivevanskar som denne gongen har tematikken matematikkvanskar.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Invitasjon og program 04.11.2025
Stad: HVL, Sogndal campus. Klasserom «STA 02-15», 2.etg i stadionbygget. Sjå kart her: Stadionbygget 02-15, Stadionbygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Tysdag 4.november 2025 kl 08.30-14.00
Målgruppe: Lærarar, spesialpedagogar og PPT-rådgjevarar i grunnskule 1-10 og VGS
Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Matematikksenteret NTNU er eit kompetansemiljø som jobbar med kompetanseutvikling, forsking, formidling og utvikling av læringsressursar og digitale verktøy, i tett samarbeid med praksisfeltet. Dei er ein naturleg utviklingspartnar i lokalt kompetanseutviklingsarbeid.
Matematikksenteret er tett knytt til skulen og praksisfeltet, og arbeidet deira er forskings- og praksisbasert. Senteret si verksemd er landsdekkande, og ei viktig oppgåve ved senteret er å støtte barnehagar og skuler i kompetanseutviklingsarbeid og i å tolke, forstå og operasjonalisere rammeplanen og læreplanverket. https://www.matematikksenteret.no/
Tematikk: Matematikkvanskar og tilpassa opplæring ved Monica Rehaug og Olaug Svingen frå Matematikksenteret
- Matematisk kompetanse og utvikling av talforståing
- Kva er matematikkvanskar?
- Kartlegging og undervegsvurdering i matematikk
- Kva verkar, og kva verkar ikkje?
Det blir variasjon mellom føredrag og praktiske aktivitetar.
Program for dagen:
08.20- 08.30: Kaffe/te og mingling
08.30- 08.35: Velkommen v/arrangørar
08.35- 11.00: Økt 1
11.00- 11.45: Lunsj
11.45- 13.50: Økt 2
13.50- 14.00: Evaluering og vegen vidare for nettverket
Det blir lagt inn pausar undervegs.
Ansvarleg for samlinga:
Siri-Lise Nes Bøyum, Sogn PPT, Siri-Lise.Nes.Boyum@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: Torsdag 30.oktober kl 12.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Velkommen!
Beste helsing frå
Siri-Lise Nes Bøyum Ingrid Steine Bortne
Ansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling
