
- Denne hending er over.
Fagnettverk naturfag for 5-10 – NB! Ny dato og utvida målgruppe
20/11/2024, kl. 09:00 - 15:00
300KrI samarbeid med ViteMeir tilbyr me ei nettverkssamling i naturfag for dei som underviser på mellomsteget og ungdomssteget.
Tema: Super:Bit og programmering.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program fagnettverk naturfag 20.011.2024
Tidspunkt: Onsdag 20.november 2024 kl 09:00 – 15:00
Stad: ViteMeir, Kaupanger
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: 300 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant av samlinga (bindande påmelding).
Målgruppe: Lærarar som underviser i naturfag på mellomsteget og ungdomssteget
Program
09:00- 09:10: Velkomen! Agenda for dagen og generell informasjon v/ Eskil og Ingrid
09:10- 11:30: Programmering del 1
11:30- 12.15: Varm lunsj (biff stroganoff m/tilbehøyr)
12:15- 14:45: Programmering del 2
14:45- 15:00: Avrunding og evaluering av nettverket
Det blir lagt inn pausar undervegs.
Kort info:
- Me kjem til å bruke det same utstyret som skulane har fått gjennom super:bit-satsinga (de treng ikkje ta med dykkar utstyr, anna enn det som skal erstattast – les lengre ned om dette).
- Det kjem til å vere høg deltakar-aktivitet i form av at det er de sjølve som skal programmere, bygge og teste Super:bit-utstyret.
- Opplegget er fagleg retta mot naturfag for 5.-10.trinn, med bruk av undervisningsressursar frå superbit.no som de skal kunne bruke i eigne klassar.
- Ta med eigen pc
- Du treng ingen forkunnskapar. Med dette følgjer det at ein del av økta kjem til å bli repetisjon for dykk som har kjennskap til super:bit frå før.
- Me skal mellom anna lære å programmere micro:bit, bruke bit:bot, bruke sensorar og kople til og styre utstyr som til dømes anna LED-lys.
Erstatte øydelagd Super:bit-utstyr
Me tilbyr å gratis erstatte utstyr frå Super:bit som har blitt øydelagt i løpet av åra som er gått sidan det blei gitt til skulen. Ta med defekt utstyr til ViteMeir, så får de nytt så langt erstatningslageret rekk. På nettsida Super:bit-utstyret kan du lese kva som var i utstyrspakken originalt.
TIPS: Om det er enkelte lærarar som har brukt dette utstyret meir enn andre, kan det vere lurt å be om hjelp til å identifisere kva som er øydelagd. Det er ofte 1) motorar, hjul eller lys på bit:botene samt 2) feilkodar som kjem ved oppstart av micro:bit knytt til øydelagde komponentar på sjølve micro:bitane som er det vanlegaste.
Om ein berre har tid til å sjekke ein ting, anbefaler eg å starte med å snurre lett på hjula på bit:botane. Då vil de kjenne om motorar er øydelagde, og om det er veldig mykje slark. Desse har ein berre 10 av i kassa, så det er praktisk å ha 10 stk som verkar (det meste elles i kassen har ein mykje av).
Det blir fagleg påfyll, diskusjonar og deling av gode erfaringar. Målet er å skape nettverk, lære noko nytt/friske opp kunnskapen og inspirere kvarandre til vidare arbeid med programmering etterpå.
Velkommen!
Ansvarleg for samlinga:
Eskil Nore Kveim, Tlf: 958 51 486 | enk@vitemeir.no | vitemeir.no
Påmeldingsfrist: 13.november kl 23 NB! Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga.
Det er plass til maks 20 deltakarar, så førstemann til mølla gjeld.
Beste helsing frå
Eskil Nore Kveim Ingrid Steine Bortne
Fagansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Formidlar ved ViteMeir