Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

LOGOS temakurs for sertifiserte deltakarar – 2.oktober

2. oktober, kl. 09:00 - 15:30

300Kr

Les invitasjonen som pdf-fil her: Invitasjon og program LOGOS-temakurs for sertifiserte 02.10.2023

 

Stad: Stadionbygget – rom: STA02-04, Høgskulen på Vestlandet. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)

Tidspunkt: Måndag 2.oktober 2023 kl 09.00-15.30

Målgruppe: Lærarar, spesialpedagogar og PPT-rådgjevarar som er LOGOS-sertifiserte frå før

Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga

Deltakaravgift: 300 kr som vert fakturert i etterkant av samlinga (bindande påmelding)

 

Logometrica arrangerer temakurs for tilsette i skulesektoren i Sogn

Kurshaldar er spesialpedagog Gudrun Tegnander frå Logometrica.

 

Korleis skilje mellom dysleksi og andre lesevanskar?

Lesevanskar kjem gjerne til uttrykk i form av lesefeil, lang lesetid og/eller vanskar med leseforståinga. I Logos tillegg vi derfor tidsbruken stor vekt i tolkinga. Men korleis skilje mellom generell langsom prosessering og lesevanskar? Og kan ein i det heile teke skilje mellom dei to? Kva meinast med generelle prosesseringsvanskar og korleis identifisere det?

 

Med utgangspunkt i oppdatert forsking presenterast både utfordringar og forslag til løysningar på nokre av dei problema ein møter i samband med utgreiing og diagnostisering av dysleksi.

 

Logos fangar opp ulike typar lesevanskar, men det kan vera krevjande å diskriminere mellom ulike årsaksfaktorar. Er det dysleksi, eller er leseutviklinga forseinka av andre årsaker? Mange har både dysleksi og språkvanskar, eller dysleksi og ADHD. Korleis bør ein då gå fram for å vurdere om lesevanskane er primære eller sekundære?

 

Med utgangspunkt i testresultata i Logos drøftar vi korleis ulike typar vanskar kan påverke leseferdigheitene. NB! Ein må vera LOGOS-sertifisert for å delta på dette kurset. Maks 30 deltakarar!

 

09.00-11.30      Temakurs (kurshaldar legg inn pausar der det høver)

11.30-12.15        Lunsj i HVL-kantina

12.15-15.20       Temakurs held fram. Pausar undervegs

15.20-15.30       Avslutning med evaluering via QR-kode

 

Ansvarleg for samlinga:

Anne Marit Aasen, inspektør ved Trudvang skule, Anne.Marit.Aasen@sogndal.kommune.no

 

Påmeldingsfrist: 22.september 2023 kl 23.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.

 

Velkommen!

 

 

Beste helsing frå

Anne Marit Aasen

Ansvarleg for samlinga

 

Ingrid Steine Bortne

Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn regionråd

LOGOS temakurs for sertifiserte deltakarar – 2.oktober

Detaljar:

Dato
2. oktober
Tid:
09:00 - 15:30
Billettpris:
300Kr

Arrangør

Sogn regionråd

Lokale

HVL, campus Sogndal
Røyrgata 6
Sogndal, 6856
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
HovAnne Haugen
Luster kommuneBjørg Irene Svangstu
LærdalMonika Hagheim
Sogn PPTSiri-Lise Nes Bøyum
SogndalGunn Linde
SogndalSigne Vange
Sogndal kommuneLene Foss Dalaker
Sogndal kommuneLina
Sogndal kommunePerny Kristine Dimmen
Sogndal kommune/ Trudvang skuleHeidi Lillesæter
Sogndal kommune/Kaupanger skuleMaria Landøy Slinde
ÅrdalInger
Årdal kommune/ PPT Indre SognIngegerd Moene
ØydvinAslaug

Påmeldte deltakarar

Perny Kristine Dimmen Sogndal kommune Signe Vange Sogndal Monika Hagheim Lærdal Aslaug Øydvin Lene Foss Dalaker Sogndal kommune Maria Landøy Slinde Sogndal kommune/Kaupanger skule Anne Haugen Hov
Ingegerd Moene Årdal kommune/ PPT Indre Sogn Siri-Lise Nes Bøyum Sogn PPT Heidi Lillesæter Sogndal kommune/ Trudvang skule Bjørg Irene Svangstu Luster kommune Gunn Linde Sogndal Lina Sogndal kommune Inger Årdal

Påmelding

Loading gif

Allerede påmeldt?

Endre din registrering her