
- Denne hending er over.
Fagnettverk pedagogisk IKT
1. februar, kl. 09:30 - 14:30
250KrHer kan du lese programmet som pdf-fil: Program fagnettverk pedagogisk IKT 01.02.2023
Tidspunkt: 09:30 – 14:30, onsdag 1.februar 2023
Stad: ViteMeir, Kaupanger
Lunsj: Ja, inkludert ein-rettars lunsj
Deltakaravgift: 250 kr som vert fakturert i etterkant av samlinga
VELKOMEN TIL FAGNETTVERK I PEDAGOGISK BRUK AV IKT I UNDERVISINGA
Program:
09:30-10:00: Velkomen!
- Agenda for dagen
- Generell informasjon og kort presentasjon
- Digitalisering av skriftleg eksamen. Kva er nytt? Kva må/bør me førebu? Spørsmål?
10:00-11:30: Digitale verktøy for elevar med lese-, språk og skrivevanskar
- Læringsressursar og metodikk v/Håvard
- Tilgjengelege verktøy i M365 v/Turid
- Pilotering av ny kartleggingsmetode ved hjelp av AI og augesporar v/Turid
- Erfaringsdeling i grupper og plenum: Kva digitale verktøy lukkast de med å bruke i undervisinga, og i arbeidet med lese- og skrivestøtte?
11:30- 12:00: Sambruk av programmeringsutstyr i Sogndal kommune
- Presentasjon av plan for sambruk av programmeringsutstyrsboksar mellom skulane i kommunen, v/Turid
- Kaupanger skule v/Lina Valland Hofslundsengen deler erfaringar rundt bruk av programmeringsboksane på barnetrinnet og kort om praktisk utdanningsvitskap- IKT i læring
12:00-12:45: Lunsj
12:45-14:15: ChatGPT
- ChatGPT ein personleg assistent eller eit apokalyptisk verktøy for elevane sine grunnleggande ferdigheiter? v/Håvard og Turid
- Webinar- diskusjon
14:15-14:30: Avrunding og evaluering av nettverket.
- Presentere dato for neste nettverk: 13.september 2023
- Deltakarar melder inn ynskje om tema framover
- Kven kan presentere opplegg frå sin kommune på neste samling?
Ansvarleg for samlinga:
Håvard Takle Sanden, Luster kommune havard.takle.sanden@luster.kommune.no
Turid Rauboti, Sogndal kommune Turid.Rauboti@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: 25.januar kl 17
NB! Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga.
Velkommen!
Beste helsing frå
Håvard Takle Sanden og Turid Rauboti Ingrid Steine Bortne
Ansvarlege for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling