- Denne hending er over.
Fagnettverk matematikk for ungdomssteg og vidaregåande skule
14/03/2024, kl. 09:00 - 14:30
GratisStad: Rom «Idun 2» i Bragebygget, Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Torsdag 14.mars 2024 kl 09.00-14.30
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Les programmet som pdf-fil her: Program fagnettverk matematikk for ungdomssteget og VGS 14.03.2024
Program:
09.00- 09.10 Velkommen, info om dagen v/ Odd-Eivind Holo
09.10- 10.15 Tema 1: Karakterdempande vurdering v/Sogndal VGS
- Spørsmål, diskusjonar og refleksjonsoppgåver i etterkant av forelesinga
10.15- 10.30 Pause
10.30- 11.45 Tema 2: Munnleg-praktisk eksamen
- Eit FOU-blikk på region Sunnfjord sitt arbeid med dette, sett frå HVL sine matematikarar v/ Frode O. Haara, HVL
- Presenterer førebels funn og relevante poeng frå eit masterarbeid ved HVL, MDiP
- Finnes det ein raud tråd til Tema 1, karakterdempande undervising?
- Spørsmål og ordskifte i etterkant
11.45- 12.30 Lunsj i HVL-kantina
12.30- 14.15 Tema 3: Programmering
- Korleis ligg me an i regionen og kva vektlegg me i undervisinga?
- Erfaringsdeling og praktisk utprøving
- Lærarar frå nokre skuler i Sogn deler enkle opplegg som deltakarane får teste ut
14.15- 14.30 Avslutning
- Me summerer opp og ser på kva som har vore viktig denne dagen
- Frampeik og innspel fram mot neste fagnettverk hausten 2024. Kven tek over stafettpinnen etter Odd-Eivind med å leie matematikknettverket dei neste to åra? Ein kan gjerne gå saman fleire om ansvaret (også på tvers av skular/kommunar)
- Evaluering av dagens fagnettverk med QR-kode
Ansvarleg for samlinga:
Odd-Eivind Holo, konst. rektor, Kvåle skule Odd.Eivind.Holo@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: Søndag 10.mars kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Velkommen!
Beste helsing frå
Odd-Eivind Holo
Ansvarleg for samlinga
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling i Sogn