
- Denne hending er over.
Fagnettverk barnehage: Fysisk og psykisk helse
06/10/2022, kl. 09:00 - 14:30
GratisVelkommen til fagnettverk barnehage – fysisk og psykisk helse!
Det er den einskilde tilsette i barnehagen som melder seg på her på denne sida, etter avtale med styraren sin. Dersom du vel å delta i fagnettverket ynskjer me at du deltek på begge samlingane i løpet av året (neste samling er 1.mars 2023) og aller helst ynskjer me at du vert med i fagnettverket dei neste to åra (totalt fire samlingar).
Nettverket vert arrangert i Sogndal torsdag 6.oktober kl 9.00-14.30 og det er maks 40 deltakarar som får plass i fagnettverket. Dersom talet vert høgare enn 40 etter påmeldingsfristen 21.september, blir det fordelt plassar slik at alle barnehagar som ynskjer det blir representert med minst 1-2 deltakarar kvar. Den einskilde barnehage vert kontakta seinast 26.september om kven som har fått plass i fagnettverket. Sjølv om programmet for haustsamlinga er nokså klart, kan du melde inn ynskjeleg tema til fagnettverket innan 30.september til post@ronesbarnehage.no
Sjå program for samlinga her: Program fagnettverk barnehage – Fysisk og psykisk helse 06.10.2022
Lokale: Rom 0202 i stadionbygget, HVL campus Sogndal.
Les meir om dette fagnettverket side 5-6 i «Programplan for System for styrka læring i Sogn 2022-2030» Programplan_2022_-_2030
Fagnettverksansvarleg: Rones barnehage v/Merete Kvist Rydvang, Sogndal post@ronesbarnehage.no
Ved spørsmål kan du kontakte Rones barnehage direkte eller programleiar Ingrid Steine Bortne, tlf 48 25 03 06, ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
Velkommen!