
- Denne hending er over.
Fagnettverk autisme i barnehagen
11/01/2023, kl. 12:30 - 16:00
GratisI samarbeid med BUP i Sogndal ynskjer regionen velkommen til fagnettverk autisme for tilsette i barnehagen.
Merk at dette er ei ettermiddagssamling på Høgskulen, Sogndal.
Du finn programmet som pdf-fil her: Program fagnettverk autisme i barnehagen 11.01.2023
Målgruppe: Tilsette i barnehagen som jobbar tett på barn med autisme, PPT-tilsette og andre som finn nettverket relevant
Stad: Stadionbygget- Auditorium i 1.etg (vis a vis kaffibaren), campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet. Sjå kart her: kart-over-campus-sogndal.jpg (7680×4320) (hvl.no)
Tidspunkt: Onsdag 11.januar 2023 kl 12.30-16.00 (ettermiddagssamling)
Deltakaravgift: Kurset vert dekka av regionale utviklingsmidlar innan «Kompetanseløftet»
Lunsj: Det vert ikkje servert lunsj, så et nistepakken før du kjem. Lett servering og kaffi/te halvveges i samlinga, så meld frå om evt. allergiar under merknadsfeltet i påmeldinga.
Tema: Generell innføring i autisme, tverrfagleg arbeid, filosofiske betraktningar, korleis jobbe med barn som har autisme
Program for halvdagssamlinga:
12.30- 12.40: Velkommen v/ programleiar Ingrid Steine Bortne
12.40- 13.20: Føredrag om autisme v/ Pål Iversen, Sogndal BUP
13.20- 13.30: Kort beinstrekk
13.30- 14.15: Føredrag held fram
14.15- 14.45: Kaffipause med noko lite å bite i (NB! Meld frå om evt. allergiar)
14.45- 15.30: Oppgåver og erfaringsdeling i grupper
15.30- 16.00: Oppsummering i plenum og evaluering
Fagansvarleg for samlinga:
Pål Iversen, psykolog ved Sogndal BUP pal.iversen@helse-forde.no
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no eller på mobil
48 25 03 06.
Påmeldingsfrist er tysdag 3.januar kl 12.
Velkommen til fagnettverket!
Beste helsing frå
Pål Iversen Ingrid Steine Bortne
Ansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling