- Denne hending er over.
Fagdag psykisk helse «Våg å være» med Helsesista og «Livsmeistring – robuste barn og unge»
11. mars, kl. 09:00 - 14:30
500KrMålgruppe: Tilsette i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring, PPT, helsestasjon, barnevern, BUP, rus og psykisk helse, politi og andre tverrprofesjonelle tenester for barn og unge i Sogn
Tidspunkt: Onsdag 11.mars kl 9.00-14.30. Registrering frå kl 8.40
Kvar: Quality Hotel Sogndal (konferansesal)
Pris: 500 kr for dagpakke pr. person som vert fakturert kommunane/eigar i etterkant. Prisen inkluderer føredrag, kurslokale, dagens 2-rettar lunsj, kaffi/te og pausemat.
NB! Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga.
Påmeldingsfrist: 2.mars kl 23 her https://www.fagnettverkisogn.no/hending/fagdag-psykisk-helse-4/
Her kan du lese invitasjon og program som pdf-fil: Invitasjon til fagdag psykisk helse 11.03.2026
«Våg å være» – eit føredrag med Helsesista
Tale Maria Krohn Engvik hadde vore tilsett helsesøster i Oslo kommune i fem år, då ho på tampen av 2016 opna snapchatkontoen «Helsesista». No finn du @Helsesista på dei fleste sosiale plattformar – kor Tale særleg engasjera seg for barn og unge, og dei som på ulike måtar slit litt ekstra. Tale jobbar og som føredragshaldar og forfattar, og bidreg i ulike samarbeidsprosjekt som gjer ein forskjell for andre. Tale er blitt tildelt 12 prisar for arbeidet sitt som Helsesista. Blant dei er Redd Barnas Rettighetspris i 2017 og Tabuprisen 2018. Sjølv verdsett ho høgast meldingar frå ungdom som fortel at dei på grunn av hennar arbeid har våga å be om hjelp.
I føredraga sine snakkar Tale om ulike tema innan psykisk helse. Det kan vere tankar og følelsar rundt seg sjølv og andre. Det kan handle om kropp, prestasjonar og status, rus og når alt blir kaos. Det handlar om den ein vel å vere i møtet med andre menneske. Kommunikasjon og forståing. Og ho ynskjer å inspirere, få publikum til å tenkje, og til å «våge å være».
I føredraget på fagdag psykisk helse kjem Tale innom tematikkar som det å skape psykologisk tryggleik i arbeidet med barn og unge, inkludering og støtte, utanforskap, omsorgstrøttheit og viktigheita av å vere ein god og trygg samarbeidspartner.
Les gjerne meir om Helsesista her: Hele Norges Helsesista | Helsesista
Program for fagdagen:
09.00- 09.10 Velkommen v/arrangør
09.10- 10.00 Livsmeistring – robuste barn og unge v/ prosjektleiar Marte Kvisterø Krogstadmo
Marte gir oss ei innføring i det regionale prosjektet og den nye nettressursen https://www.meistrelivet.no/ med undervisningsopplegg for skular og framtidige temaøkter for barnehage.
10.00- 10.15 Pause
10.15- 11.15 «Våg å være» v/ Helsesista
11.15- 11.30 Pause. Tale tilbyr sal av signerte bøker for dei som ynskjer i pausen
11.30- 12.30 Lunsj
12.30- 13.15 Me føl opp «Våg å være» med refleksjonsoppgåver i grupper
13.15- 13.30 Pause
13.30- 14.15 Workshop «Livsmeistring – robuste barn og unge»
14.15- 14.30 Avslutning og evaluering
Velkommen til ein spennande fagdag! Her vil du kunne få ny kunnskap og innsikt, samt høve til å delta i gode refleksjonar saman og på tvers med kollegaer frå heile Sogn.
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06 ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no
