- Denne hending er over.
Fagdag for PPT hausten 2025
28/10/2025, kl. 09:00 - 15:00
GratisTema: Minoritetsspråklege barn og unge – fokus på kartlegging
Her kan du lese programmet som pdf: Program regional fagdag for PPT i Sogn 28.10.2025
Stad: Fjærland Fjordstove Hotell i Fjærland https://fjaerlandhotel.com/
Tidspunkt: Tysdag 28.oktober 2025 kl 09:00- 15:00
Lunsj: Ja, lunsj er inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.
Det er første gong me arrangerer ein eigen fagdag for PPT i Sogn! Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein dag med fagleg påfyll, gode drøftingar og både fagleg og sosialt fellesskap mellom våre to PPT-kontor i Sogn. Me er ekstra glade for at Statped vil dele av sin kompetanse denne dagen innan eit tema som er svært etterspurt i vår region.
Program for dagen:
09.00- 09.05: Velkommen og kort informasjon v/ arrangørgruppa Anne, Vibeke og Ingrid
09.05- 11.30: Fagleg del 1 v/ Rebecca Birkeland og Eirik Tjervåg frå Statped
- Introduksjon – kva er utviklingsmessige språkforstyrringar (DLD)?
- DLD hos fleirspråklege
- Gruppeoppgåve 1, utgangspunkt i kasus frå PPT
- Gjennomgang i plenum
- Kartlegging av ferdigheiter på norsk
11.30- 12.30: Lunsj
12.30- 15.00: Fagleg del 2 v/ Rebecca Birkeland og Eirik Tjervåg frå Statped
- Kartlegging av ferdigheiter på førstespråk
- Mindre språkavhengige mål
- Gruppeoppgåve 2, utgangspunkt i kasus frå PPT
- Gjennomgang i plenum
- Oppsummering
Det vert lagt inn pausar undervegs.
15.00- 17.00: Bading og flytande sauna i Dampen https://fjaerlandguiding.com/floating-sauna
17.30: Middag og sosialt på hotellet
Ved spørsmål, ta kontakt med ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no Tlf: 48 25 03 06.
Velkommen!
