Fagdag barnehage
16. april, kl. 09:00 - 15:00
Gratis«Det var måten du sa det på..» med Nina Nakling
Samhandling, kommunikasjon og godt arbeidsmiljø
Stad: HVL, Sogndal campus. Auditorium Josten, 1.etg i Høgskulebygget. Sjå kart her: Høgskbygget 1.etg aud Josten, Høgskulebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Torsdag 16.april 2026 kl 09:00- 15:00
Målgruppe: Alle som jobbar i eller med barnehagane i Sogn
Lunsj: Ja, enkel lunsj er inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program fagdag barnehage 16.04.2026 Nina Nakling
Dette er andre gong me arrangerer ein eigen fagdag for barnehagane i Sogn! Fagdagen kjem ikkje i tillegg, men i staden for eit par av fagnettverka som me har lagt på is dette barnehageåret.
Nina Nakling kjem tilbake til Sogn etter å ha vore med oss digitalt under regional planleggingsdag for barnehagane i november 2025. Ho er utdanna barnehagelærar og har 30 års erfaring frå og med sektoren. Ho har vidareutdanning i endringsleiing, rettleiing, coaching og pedagogisk utviklingsarbeid. I tillegg har ho ein master i utdanningsleiing, og har nyleg fullført studie i teampsykologi ved Universitetet i Stavanger. Nina si formidling ber preg av hennar erfaring, praktiske tilnærming og stor entusiasme. Det er med stor glede me ynskjer ho velkommen att, denne gongen til fysisk samling i Sogn!
Program for dagen:
09.00- 09.05: Velkommen og kort informasjon v/ arrangørgruppa
09.05- 12.00: Nina Nakling: «Godt arbeidsmiljø er avhengig av god samhandling, og samhandling er avhengig av god kommunikasjon. Me har øvd på det heile livet, likevel opplevast det av og til som utfordrande med både kommunikasjon og samhandling. I dag skal me leike oss med begge!»
Det blir lagt inn to pausar.
12.00- 13.00: Lunsjpause
13.00- 14.45: Refleksjonsoppgåver og etterarbeid i grupper. Korleis tek me dette tilbake til barnehagen?
Det blir lagt inn ein pause.
14.45- 15.00: Evaluering og avslutning v/ arrangørgruppa
Arbeidsgruppa for barnehagar i Sogn er ansvarleg for fagdagen:
Hilde Anett Apelseth Tenold (styrar i Vik barnehage), Solveig Løkkebø (styrar i Hafslo barnehage), Mette Johannessen (styrar i Kjørnes barnehage), Anne Haugen Hov (leiar Sogn PPT), Rigmor Haugen Slinde (regional repr. for Utdanningsforbundet), Kjell Ertesvåg (barnehagesjef Sogndal kommune) og Ingrid Steine Bortne (programleiar «System for styrka læring»).
Ved spørsmål, ta kontakt med ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no Tlf: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: Torsdag 26.mars kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Velkommen!
På vegne av arbeidsgruppa, beste helsing frå
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
