14.september samla me 16 dyktige ikt-pedagogar frå skulane i Sogn til nettverk på ViteMeir. Håvard Takle Sanden og Turid Rauboti losa oss gjennom dagen på beste vis med eit program som var både lærerikt og inspirerande. Programmering, omvising i Makerspace-rommet og tid til praktisk utprøving vart godt motteke. Vidare vart det spennande demonstrasjon av VR-headset før deltakarane fekk ei innføring i First Lego League som skal gjennomførast i Sogn dette skuleåret. Kjekt at Sogn opplæringskontor var med og informerte om denne satsinga.

 

Det er utruleg mykje som skjer på den pedagogiske IKT-fronten om dagen, så her er det berre å henge med. Nettverk er kjekt for då deler me erfaringar, utvekslar idear og lærer om nye satsingar og verktøy som kan gjere skulekvardagen enno meir lærerik og motiverande for elevane våre.

 

Neste samling i nettverket vert 1.februar 2023 – så føl med!

Her kan du sjå dei to presentasjonane som vart lagt fram for nettverket: IKT-nettverk på VM-makerspace 16.09.22 og VR i undervisning – ViteMeir 14.sept 2022

 

               

Inspirerande fagnettverk for pedagogisk IKT