29.september var 27 lærarar samla på Tangen skule for å dele erfaringar kring norskfaget. Tema for nettverkssamlinga denne gongen var ny eksamen og vurdering med og utan karakter. Det var særleg kjekt at Vibeke Viem frå Sogndal vidaregåande skule delte deira erfaringar med vurdering utan karakter. Sjå eigen presentasjon om dette temaet her: vurdering_utan_karakter_nettverk norsk 29.09.2022 Fleire av deltakarane tykte dette var spennande å høyre om. Evalueringane i etterkant av fagnettverket syner at det har vore ein svært bra dag med mykje erfaringsdeling mellom norsklærarane. Tusen takk til fagnettverksansvarleg Lillian Stedje ved Tangen skule og Vibeke Viem frå Sogndal VGS! Neste samling vert 17.januar 2023.

Vellukka fagnettverk i norsk for ungdomssteget og vidaregåande skule