Torsdag 6.oktober var 33 tilsette frå barnehagane i Sogn + 4 arrangørar samla på Campus for å lære meir av kvarandre innan temaet «Fysisk og psykisk helse». Me drøfta og delte erfaringar knytt til spørsmål og tema som «Korleis kan barnehagen legge til rette for fysisk aktivitet som fremmer god psykisk og fysisk helse hos barn?» og  «Fysisk aktiv leik i barnehagen for alle. Moglegheiter og utfordringar i barnehagen» . Her vart både forskingsresultat og praktiske døme presentert. Tusen takk til føredragshaldar Kjersti Johannessen ved HVL og nettverksansvarleg Merete Kvist Rydvang og Marit Erlandsen frå Rones barnehage i Sogndal.

Begge presentasjonane finn du her:  Presentasjon 06.10.2022 Kjersti Johannessen, HVL  og Presentasjon 06.10.2022 Rones barnehage

Det kan også vere kjekt å sjå nærare på denne flunkande nye nettsida med mange gode forslag til aktivitetar for barnehagen: https://aktivibarnehagen.no/

 

       

Første fagnettverk for barnehage «Fysisk og psykisk helse» er gjennomført!