Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Fagnettverk for begynnaropplæring

6. mai, kl. 09:00 - 15:00

Gratis

Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Rom: STA 02-02 i 2.etg i Stadionbygget (i etasjen over kaffibaren) Sjå kart her: Stadionbygget 02-02, Stadionbygget, Campus Sogndal – MazeMap

Tidspunkt: Onsdag 6.mai 2026 kl 09.00-15.00

Målgruppe: Hovudsakleg lærarar på 1.-4.trinn

Lunsj: Enkel lunsj er inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar

 

Me er glade for å invitere til ny samling for begynnaropplæring! Takk for gode tilbakemeldingar på innhaldet og organiseringa frå dei to samlingane i fjor. Både nye og gamle deltakarar er velkomne!

 

Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program fagnettverk for begynnaropplæring 06.05.2026

Program:

09.00- 09.15:      Velkommen! Informasjon om dagen og tilbakeblikk til førre samling v/ Edwin Hjelmhaug.

09.15- 09.45:      Lesing, Tid for lesing og ressursar me har laga. Digitalt innlegg ved Monica Gundersen Mitchell, Nasjonalt lesesenter.

09.45- 10.00:      Pause og mingling.

10.00- 11.30:      «Praktisk og meiningsfull matematikk i begynnaropplæringa» – Verkstad med Anne Hjønnevåg Nakken, Matematikksenteret.

I denne verkstaden ser me på korleis praktiske og varierte arbeidsmåtar kan bidra til djupare forståing i matematikk. Gjennom konkrete oppgåver og leikande aktivitetar får deltakarane prøve ut undervisningsopplegg som kan brukast direkte i klasserommet. Saman reflekterer me over korleis undervisninga kan støtte både utviklinga av rekneferdigheiter og elevane si nysgjerrigheit og utforskartrong, samtidig som den opnar for at elevar kan resonnere, forklare, argumentere og samtale om matematikk.

11.30- 12.15:      Enkel lunsj i HVL-kantina.

12.15- 14.45:      Verkstaden held fram.

14.45- 15.00:      Oppsummering av dagen. Kva tek me med oss vidare? Evaluering.

 

Det vert lagt inn pausar mellom lunsj og avslutning.

NB! Det er viktig at deltakarane er med heile dagen frå kl 9.00-15.00!

 

Anne Hjønnevåg Nakken jobbar ved Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) og Matematikksenteret (NTNU). Ho er utdanna sivilingeniør og har i tillegg lektorutdanning i matematikk og engelsk. Gjennom yrkeslivet har ho undervist i matematikk på fleire nivå – frå barnehage og 1. trinn til vidaregåande skule.

I dag jobbar ho med utdanning av barnehagelærarar og utviklar undervisningsressursar retta mot barnehage og grunnskule. Anne har delteke i ei rekke forskings- og kompetanseutviklingsprosjekt i inn- og utland.

Ho har også skreve lærebok, bidrege i utviklinga av styringsdokument for barnehage og skule, og arbeida tett saman med barn, elevar og lærarar. Anne er særleg oppteken av samanhengen mellom barnehage og skule, og brenn for at barn skal få behalde og vidareutvikle si matematikkglede gjennom heile utdanningsløpet.

 

Verkstad: Praktisk og meiningsfull matematikk i begynnaropplæringa

Korleis kan me legge til rette for matematikkundervisning der fleire elevar får tenke, prøve ut idear og snakke saman om matematikk?

I denne verkstaden ser me på korleis praktiske og varierte arbeidsmåtar kan bidra til djupare forståing i matematikk. Gjennom konkrete oppgåver og leikande aktivitetar får deltakarane prøve ut undervisningsopplegg som kan brukast direkte i klasserommet. Saman reflekterer me over korleis undervisninga kan støtte både utvikling av rekneferdigheiter og elevane si nysgjerrigheit og utforskartrong, samtidig som den opnar for at elevar kan resonnere, forklare, argumentere og samtale om matematikk.

Det vert særleg lagt vekt på korleis matematiske samtalar kan bidra til at fleire elevar engasjerer seg i faget, og korleis elevane sine ulike strategiar og tankar kan bli ein viktig del av læringsarbeidet.

I verkstaden jobbar me med ulike representasjonar – som konkretar, teikningar, symbol og munnleg språk – fordi dette er sentralt for å utvikle ei brei omgrepsforståing. Me ser på korleis rekneferdigheiter, omgrepsforståing og problemløysing kan utviklast i samspel med kvarandre, i tråd med kjerneelementa i læreplanen.

Gjennom døme frå tal, måling og geometri ser me på korleis matematikk kan opplevast som meiningsfull, engasjerande og noko elevane kan forstå og meistre.

 

Påmeldingsfrist: 22.april kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.

 

Nettverksansvarleg:

Gaupne skule v/ Edwin Hjelmhaug edwin.hjelmhaug@luster.kommune.no Tlf: 97 09 85 90.

 

Ved praktiske spørsmål kan de ta kontakt med programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no eller på tlf 48 25 03 06.

 

Beste helsing frå

 

Edwin Hjelmhaug                                                         Ingrid Steine Bortne

Nettverksansvarleg                                                       Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Fagnettverk for begynnaropplæring

Detaljar:

Dato
6. mai
Tid:
09:00 - 15:00
Billettpris:
Gratis

Arrangør

System for styrka læring i Sogn
Telefon:
+4748250306
Epost:
ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

Lokale

HVL, campus Sogndal
Røyrgata 6
Sogndal, 6856
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
Aurland kommuneSiri Veum
Luster kommuneAnette Skarsbø Nes
Luster kommuneEdwin Hjelmhaug
Luster kommuneElisabet Ekrene
Luster kommuneIngrid Ruud
Luster kommuneJenni Ruud
Luster kommuneKjetil Dale
Luster kommuneLene Therese Berge
Luster kommuneMarta H. Tuftene
Luster kommuneMay-Tone Høyheim Berdal
Luster kommuneRagnhild Stangeland Lillebostad
Luster kommuneSissel Morken
Luster kommuneStig Fuglesteg Veiland
Luster kommuneWenche Weka
MatematikksenteretAnne Hjønnevåg Nakken
Sogn KOIngrid Steine Bortne
Sogndal kommuneEirik Hetkamp-Andersen
Sogndal kommuneGuro Kauppi Højmark
Sogndal kommuneHeidi Bøtun Skartun
Sogndal kommuneJanne Grønbech
Sogndal kommuneJohanne Skjeldestad
Sogndal kommuneKai-Idar Morken
Sogndal kommuneKaroline Bjerknes
Sogndal kommuneLina Hofslundsengen
Sogndal kommuneMads Tønnesson
Sogndal kommuneMagnus Myklebust
Sogndal kommuneMalene Haukøy Frodahl
Sogndal kommuneMari Gunhildrud
Sogndal kommuneMathias Hovland
Sogndal kommuneRuna Andersen
Sogndal kommuneSiv Stavang Aune
Sogndal kommuneSusanne England Reppen
Sogndal kommuneTrine Rygg
Sogndal kommuneTurid Ramstad
Vik kommuneAnnette Refsdal
Vik kommuneBritt Valsvik
Årdal kommuneStine Kauppi Straumsheim

Påmeldte deltakarar

Anne Hjønnevåg Nakken Matematikksenteret Stine Kauppi Straumsheim Årdal kommune Runa Andersen Sogndal kommune Guro Kauppi Højmark Sogndal kommune Johanne Skjeldestad Sogndal kommune Trine Rygg Sogndal kommune Mathias Hovland Sogndal kommune Magnus Myklebust Sogndal kommune Susanne England Reppen Sogndal kommune Wenche Weka Luster kommune Ragnhild Stangeland Lillebostad Luster kommune Edwin Hjelmhaug Luster kommune May-Tone Høyheim Berdal Luster kommune Annette Refsdal Vik kommune Anette Skarsbø Nes Luster kommune Siv Stavang Aune Sogndal kommune Siri Veum Aurland kommune Turid Ramstad Sogndal kommune Ingrid Steine Bortne Sogn KO
Karoline Bjerknes Sogndal kommune Eirik Hetkamp-Andersen Sogndal kommune Malene Haukøy Frodahl Sogndal kommune Janne Grønbech Sogndal kommune Mads Tønnesson Sogndal kommune Lina Hofslundsengen Sogndal kommune Heidi Bøtun Skartun Sogndal kommune Mari Gunhildrud Sogndal kommune Kjetil Dale Luster kommune Ingrid Ruud Luster kommune Kai-Idar Morken Sogndal kommune Jenni Ruud Luster kommune Elisabet Ekrene Luster kommune Britt Valsvik Vik kommune Sissel Morken Luster kommune Stig Fuglesteg Veiland Luster kommune Lene Therese Berge Luster kommune Marta H. Tuftene Luster kommune

Påmeldinga er avslutta