- Denne hending er over.
Rektornettverk
28. januar, kl. 09:00 - 14:30
GratisMålgruppe: Leiarar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring i Sogn + samarbeidspartar (merk at inspektørar/ avdelingsleiarar også er velkomne)
Stad: Klasserommet Verdandi, 1.etg i Bragebygget, Høgskulen på Vestlandet. Sjå kart her: her
Tidspunkt: Onsdag 28.januar 2026 kl 09:00-14:30
Deltakaravgift: Gratis
Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar under merknadsfeltet i påmeldinga.
Her kan du lese invitasjon/ program som pdf-fil: Program rektornettverk 28.01.2026
Program:
Kl 09:00- 09:05 Velkommen og kort informasjon v/ Eli og Ingrid
Kl 09:05- 11:30 Sjukefråvær og førebygging i skulane våre v/ Heidi Myrvold, NAV arbeidslivssenter
Det blir lagt inn pausar undervegs.
Tema er eit framhald av førre rektornettverk, men om du ikkje var til stades i november er du sjølvsagt hjarteleg velkommen.
I forkant av rektornettverket ynskjer me at du svarar på nokre få spørsmål her: Rekornettverk, System for styrka læring, 28. januar 2026 – Fyll ut skjema NB! Svarfrist 21.januar.
Kl 11:30- 12:15 Lunsj i HVL kantina
Kl 12:15- 13:15 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging.
Me jobbar med problemstillingar og erfaringsdeling i grupper, m.a korleis løyser skulane vedtak om personleg assistanse jfr. ny opplæringslov?
Kl 13:15- 13:30 Pause
Kl 13:30- 14:15 Ungt Entreprenørskap v/ Sunniva Thingnes-Fagerli
Presentasjon av ulike program for barne- og ungdomstrinn. Spørsmål og avklaringar.
Viss ekstra tid kan me ha open post. Ta med deg evt. innspel til samlinga.
Kl 14:15- 14:30 Oppsummering og evaluering
Påmeldingsfrist: 21.januar kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Neste rektornettverk er 25.mars. Gi gjerne beskjed til Magne (påtroppande leiar av rektornettverket) eller Ingrid om du har forslag til neste samling: magne.klepp@laerdal.kommune.no Tlf 97 63 59 19.
Beste helsing frå
Eli Hansen Moen Ingrid Steine Bortne
Avtroppande leiar for rektornettverket Programleiar barnehage- og skuleutvikling
