Fagnettverk barnehage – kreativitet, skaparglede og entreprenørskap
27. mai, kl. 09:00 - 14:30
GratisStad: Klasserom «Saga» i Bragebygget, HVL, campus Sogndal. Sjå kart her: Bragebygget Saga, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Onsdag 27.mai 2026 kl 09:00- 14:30
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program fagnettverk barnehage kreativitet, skaparglede og entreprenørskap – 27.05.2026
Program for dagen:
09.00- 09.15: Velkommen og informasjon om dagen v/ nettverksansvarleg
09.15- 11.30: Tema for dagen: Utforsking, undring og eksperiment v/ Ida Ur Haugen, Solvorn barnehage. Me utforskar, leikar og prøver ut i lag! Det blir mykje praktisk øving og deling av idébank. Opplegget er tilpassa om du jobbar på storbarn- eller småbarnsavdeling.
11.30- 12.15: Felles lunsj
12.15- 14.00: Framhald utforsking og praktiske øvingar
14.00- 14.30: Avslutning, evaluering og vegen vidare for nettverket. Kva barnehage/barnehagar ynskjer å ta på seg å drifte dette nettverket vidare dei neste to åra?
Det blir lagt inn ein pause før lunsj og ein pause etter lunsj.
Velkommen til ein rein praktisk dag med eksperiment me kan gjere i lag med ungane, store og små!
Ansvarleg for samlinga:
Ida Ur Haugen, Solvorn barnehage ida.ur.haugen@luster.kommune.no
Ved spørsmål, ta kontakt med ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no Tlf: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: Onsdag 13.mai kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Du er velkommen om du har vore med i nettverket tidlegare eller om du er ny i nettverket. Det er ikkje eit krav at du skal delta på alle samlingar (ein gong i halvåret), men det er veldig flott om du får høve til det. Me håpar me blir ein god gjeng som kan dele erfaringar og opplegg, inspirere kvarandre og ha gode diskusjonar.
Beste helsing frå
Ida Ur Haugen Ingrid Steine Bortne
Ansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling
