- Denne hending er over.
Nettverk for nyutdanna pedagogar i barnehage og skule og rettleiarar
23. april, kl. 12:30 - 15:30
GratisStad: HVL, Sogndal campus. Rom: Hild 1 + 2 i Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Hild 1, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Torsdag 23.april 2026 kl 12.30-15.30
Lunsj: Det blir servert enkel lunsj i klasserommet kl 12.30
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Nyutdanna pedagogar frå barnehage, grunnskule, vidaregåande skular og vaksenopplæring i Sogn som vart ferdig utdanna i 2024 eller 2025 + lokale rettleiarar
Me er klare for ny nettverksamling, og gler oss til å høyre korleis de opplever arbeidskvardagen som nyutdanna pedagogar i Sogn. Evalueringa frå tidlegare samlingar har vore tydeleg på at dei nyutdanna ønska meir av grupperettleiing, deling av erfaringar og drøfting i fellesskap. Det har me difor lagt til rette for. Også denne gongen inviterer me rettleiarar slik at dei kan få jobbe saman med andre rettleiarar i Sogn. Om du er rettleiar utan å ha nyutdanna å rettleie dette året ,er du likevel velkommen til samlinga for å bidra og få påfyll. Me kjem til å ha felles oppstart før me deler oss i grupper: barnehagelærarar, lærarar og rettleiarar kvar for seg.
Program:
12.30- 13.00: Me et lunsj saman og minglar litt.
13.00- 13.10: Velkommen og kort informasjon om dagen v/ arrangørane
13.10- 15.00: Rettleiing i grupper der me nyttar rettleiingsmodell
- Barnehagelærarar
- Lærarar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring
- Rettleiarar
Gruppene legg inn pausar i rettleiingsøkta når det høver best
15.00- 15.30: Me samlast i plenum for deling, evaluering og plan for vidare arbeid.
Førebu deg til samlinga ved å tenke gjennom ei utfordring du ynskjer rettleiing på, og lese gjennom vedlegget «Problemrettet veiledning i gruppe» etter modell frå Handal og Lauvås som me vil bruke som mal for rettleiingsøkta denne ettermiddagen: Problemretta kollegarettleiing i grupper.
Målet er å bli kjend med andre nyutdanna pedagogar og rettleiarar i Sogn, at me skaper eit fagleg og sosialt nettverk og får inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet som nyutdanna eller rettleiar. Me håpar dette er noko du ynskjer å delta på – du er hjarteleg velkommen!
Ansvarleg for samlinga:
Ingrid Steine Bortne, programleiar ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no mob: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: 15.april kl 23.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet under påmeldinga.
Har du framlegg til tema eller noko du vil dele på samlinga er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt!
Beste helsing frå
Evelyn Eggum og Dorthea Sekkingstad Ingrid Steine Bortne
Kontaktpersonar for tiltaket Programleiar barnehage- og skuleutvikling,
«Ny som lærar på Vestlandet», HVL Sognaregionen
