- Denne hending er over.
ASK grunnopplæring
09/12/2025, kl. 11:45 - 15:30
GratisMålgruppe: Tilsette i barnehage og skule, PPT-tilsette og andre som finn grunnopplæringa relevant. Her får du grunnleggande informasjon om ASK viss du er nybegynnar
Stad: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Klasserom: Saga i 1.etg i Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Saga, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Tysdag 9.desember 2025 kl 11.45-15.30.
Deltakaravgift: Nei, kurset vert dekka av regionale utviklingsmidlar innan «Kompetanseløftet»
Lunsj: Enkel lunsj er inkludert
Her kan du lese programmet som pdf: Invitasjon til ASK-grunnopplæring 09.12.2025
ASK står for alternativ og supplerande kommunikasjon. Barn som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, har rett til å bruka ASK, samt få opplæring i å bruka det. Fleire av barna me jobbar med i barnehage og skule har behov for ASK. Målet med ASK-nettverket er at me kan få fagleg påfyll, skapa relasjonar og dela erfaringar i gruppa.
Skal du jobbe med eit barn som brukar ASK, men kjenner du har lite kunnskap og erfaring på området? Bli med på grunnopplæring i ASK, der me snakkar om: Kva er ASK? Kven brukar ASK? Kvifor og korleis skal me bruke det?
Program og tematikk:
Kl 11.45- 12.00: Lunsj i klasserommet
Kl 12.00- 15.20: Velkommen og informasjon om dagen
Grunnopplæring i ASK v/ Lene Foss Dalaker, Sogn PPT
- Kva er ASK?
- Kven brukar ASK?
- Kvifor og korleis skal me bruke det?
Kl 15.20- 15.30: Oppsummering i plenum og evaluering med QR-kode
Det blir lagt inn pausar undervegs.
Nettverksansvarleg for samlinga:
Lene Foss Dalaker, Sogn PPT Lene.Foss.Dalaker@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: Tysdag 2.desember kl 23. Meld frå om evt. allergiar under merknadsfeltet i påmeldinga.
Velkommen til samling!
Beste helsing frå
Lene Foss Dalaker Ingrid Steine Bortne
Nettverksansvarleg Programleiar barnehage- og skuleutvikling
