- Denne hending er over.
Regionalt fagnettverk for tilsette i SFO – «Relasjonskompetanse i møte med utfordrande åtferd»
07/11/2025, kl. 09:00 - 14:30
500KrDeltakarar: Tilsette i skulefritidsordningane i Sogn, etter eiga påmelding.
Kvar: Quality Hotel Sogndal, «Sogndalssalen»
Tidspunkt: Fredag 7.november kl 9.00-14.30. Registrering frå kl 8.30
Pris: 500 kr pr. pers som vert fakturert kommunane i etterkant. Bindande påmelding.
Det er begrensa med parkering, tenk gjerne samkøyring eller parkering litt lengre unna.
Ingrid Midteide Løkken har i mange år jobba med tema som relasjonskompetanse, kvalitet i relasjonar, sosial og emosjonell kompetanse, utfordrande åtferd og med viktigheita av å skape gode læringsmiljø i barnehage og skule. Ho har bakgrunn som forskar og føredragshaldar knytt til desse tema, samt frå arbeid som styrar og pedagogisk leiar i barnehage. I tillegg jobbar ho med tema knytt til leiing og ulike former for profesjonsutvikling. Ingrid jobbar no ved BI Handelshøyskolen i Oslo og har også ei deltidsstilling ved Læringsmiljøsenteret, UiS.
Tema for dagen er «Relasjonskompetanse i møte med utfordrande åtferd».
- Bevisstheit om eigen veremåte: Din betydning og ditt ansvar
- Kunnskap om barn sine behov: emosjonsregulering og sansestimuli
Det blir veksling mellom føredrag, summe- og diskusjonsoppgåver.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program for fagnettverk SFO 07.11.2025
Program:
08.30- 09.00: Registrering, kaffi/te
09.00- 09.10: Velkommen ved leiarane av SFO-leiarnettverket Ann Merete Sviggum, Katrine Wolff Bolseth og Vivian Henjesand Sætre
09.10- 10.00: Fagleg økt del 1
10.00- 10.15: Pause
10.15- 11.20: Fagleg økt del 2
11.20- 12.20: Lunsj (2-rettars)
12.20- 13.10: Fagleg økt del 3
13.10- 13.25: Pause
13.25- 14.05: Fagleg økt del 4
14.05- 14.20: Høgskulen på Vestlandet informerer om vidareutdanningstilbod for tilsette i SFO
14.20- 14.30: Avslutning og evaluering ved arrangørane
Påmeldingsfrist: 23.oktober kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Velkommen til fagleg påfyll gjennom planleggingsdag i Sognaregionen!
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar «System for styrka læring», barnehage- og skuleutvikling
Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06
Ingrid.Steine.Bortne@sogndal.kommune.no
