- Denne hending er over.
Fagdag barnehage – Leik og digitale mogelegheiter i barnehagen
23/10/2025, kl. 09:00 - 15:00
GratisStad: HVL, Sogndal campus. rom Åfoten, 1.etg i Høgskulebygget. Sjå kart her: Høgskbygget 1.etg kl Ålfoten, Høgskulebygget, Campus Sogndal – MazeMap
Tidspunkt: Torsdag 23.oktober 2025 kl 09:00- 15:00
Lunsj: Ja, enkel lunsj er inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar.
Det er første gong me arrangerer ein eigen fagdag for barnehagane i Sogn! Fagdagen kjem ikkje i tillegg, men i staden for eit par av fagnettverka som me har lagt på is dette barnehageåret.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Program fagdag barnehage 23.10.2025 – leik og digitale mogelegheiter i barnehagen
Ståle Skagen og Geir Valøen jobbar for Trondheim kommune. Saman har dei i ei årrekke reist rundt og helde føredrag og kurs over heile landet. Dei har mellom anna hjelpt kommunar i oppstartsfasen med digitalt arbeid, utvikla vidareutdanningar for høgskular og fagskular, samt undervist for UH-sektoren og fagforeiningar. Duoen er mellom anna tildelt tre nasjonale prisar for sitt digitale pedagogiske nybrotsarbeid. Dei er også forfattarar av boka “Kom i gang med digitale verktøy i barnehagen”. Du kan lese meir om desse dyktige karane her: Visittkort – Google Presentasjoner
Program for dagen:
09.00- 09.15: Velkommen og kort informasjon v/ arrangørgruppa
09.15- 11.15: Det digitale uterommet v/ Ståle Skagen og Geir Valøen
Hvilke pedagogiske muligheter åpner seg idet vi pakker digitale verktøy i tursekken og drar ut i naturen? Imøtekommer vi de ulike fagområdene i rammeplanen på en kreativ, konstruktiv og moderne måte når vi tilbyr barna digitale verktøy i uterommet? Hvordan kan disse verktøyene bidra til et utvidet blikk på naturen, og gi gode vilkår for undring og refleksjon? Geir og Ståle tar oss med direkte inn i praksisfeltet, og utfordrer den utbredte oppfattelsen om digitale verktøy som passiviserende for barn.
Inkludert 15 min pause
11.15- 12.00: Lunsjpause
12.00- 13.30: Barn og filosofi i en digital tidsalder v/ Ståle Skagen og Geir Valøen
Når barn gis mulighet til å betrakte og utforske naturen, kan det oppstå filosofisk magi. Kan man gjennom å forske på den nyklekte larven, brenneslen, eller den døde frosken, finne gode vilkår der etikk, bærekraft og filosofi bidrar til undring og kunnskapsløft i barnegruppen? Kan digital teknologi støtte barns fascinasjon og undring, ved at vi tilrettelegger for gode møteplasser i uterommet såvel som i innerommet. Her stiller barna spørsmålene, og sammen tar vi dere med på en digital dannelsesreise støttet av filosofiske refleksjoner og humoristiske betraktninger.
Inkludert 10 min pause
13.30- 13.45: Pause
13.45- 14.45: I skjermdebattens tid: Korleis jobbar me med digitalisering i barnehagane i Sognaregionen? v/ Turid Rauboti, pedagogisk IKT rådgjevar i Sogndal kommune
14.45- 15.00: Evaluering og avslutning v/ arrangørgruppa
Arbeidsgruppa for barnehagar i Sogn er ansvarleg for fagdagen:
Hilde Anett Apelseth Tenold (styrar i Vik barnehage), Elisabeth Øynebråten Bekkedal (styrar i Aurland barnehage), Gunnhild Holen (styrar i Stedje barnehage), Linda Midtun (ass.styrar Nye Hafslo barnehage), Anne Haugen Hov (leiar Sogn PPT), Rigmor Haugen Slinde (regional repr. for Utdanningsforbundet) og Ingrid Steine Bortne (programleiar «System for styrka læring»).
Ved spørsmål, ta kontakt med ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no Tlf: 48 25 03 06.
Påmeldingsfrist: Torsdag 16.oktober kl 23. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Velkommen!
På vegne av arbeidsgruppa, beste helsing frå
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
