19.november inviterte me alle rådgjevarar ved grunnskular og vidaregåande skular i Sogn til nettverk og næringsreise i Vik.

 

Programmet var innhaldsrikt og spennande! Me starta på Flatbygdi skule med føredrag og presentasjon ved tre lokale bedrifter; Sognekraft v/ Ola Skram, Highsoft v/ Jørgen Tistel og Vik kommune v/ Kristin Hanekam og lærlingane Sissel  og Turid. Deretter vart det tid til tre bedriftsbesøk – Vik Ørsta der Leif Arve Voll synte oss rundt , Linn Bad der Linn Grønningen tok oss i mot og Vik fengsel der Bjørn Hegerland fortalde oss det me lurte på om fengselet. Me fekk vite mykje om bedriftene, rekrutteringsmogelegheiter og utfordringar, samt kompetansebehov i framtida. Ungdommen i Sogn har jammen mykje spennande å velgje mellom når dei skal ut i arbeidslivet!

 

Takk til rågjevarane i Vik,  Flatbygdi skule og flotte bedrifter i Vik som baud på seg sjølv og gav oss mange nyttige innspel som me tek med tilbake til skulane våre.

 

Rådgjevarnettverket i Sogn har regionale nettverksamlingar to gonger i året, i tillegg til større samlingar i regi av Vestland fylkeskommune. I tillegg er det nokre digitale treffpunkt gjennom året. Nytt av dette året var at næringsreisa vart ein del av dette regionale nettverket. Me vil halde fram med å arrangere næringsreise i dei 6 sognekommunane kvar haust framover. Kanskje kjem me til din kommune neste haust?

 

Her kan du lese meir om programmet og bedriftene:

 

Arrangørgruppa:

Jarle Flo, rådgjevar ved Sogndal VGS

Christian Kleiven, rådgjevar ved Leikanger ungdomsskule

Svein Hauge, arbeidslivskontakt ved Sogndal VGS

Ingrid Steine Bortne, programleiar «System for styrka læring», Sogn kommunalt oppgåvefellesskap

 

 

    

Føredrag ved Sognekraft, Highsoft og Vik kommune

 

 

Besøk ved Vik Ørsta

 

 

   

 

Besøk ved Linn Bad

 

 

 

Besøk ved Vik fengsel

 

 

 

Næringsreise og rådgjevarnettverk i Vik