På den regionale planleggingsdagen 1.november samla me tilsette frå skulefritidsordningane i heile Sogn. Grunna ekstremværet Jakob vart det fleire som følgde samlinga digitalt i tillegg til dei 72 som møtte fysisk på ViteMeir.
Føredragshaldar Marius Bråtelund vart sjølv utsett for vald og overgrep som barn. Han fortalde si sterke og ærlege historie. Han snakka mykje om korleis trygge vaksne kan bygge gode relasjonar til utsette barn og unge og få dei til å opne seg. Ikkje minst fortalde han om korleis me vaksne kan oppdage og sjå ulike teikn og symptom.
Føredraget vart ei sterk oppleving for alle som deltok. Til og med for dei som måtte sjå samlinga digitalt vart det eit sterkt møte kring eit viktig tema. Etter føredraget jobba dei ulike SFO’ane i sine tilsettegrupper vidare med tematikken.
Takk til Marius Bråtelund for eit gripande og viktig føredrag! Takk til Hallo Sogn som streama føredraget for oss og takk til Vivian og Kathrine frå Trudvang skule som losa oss gjennom dagen på ein framifrå måte.
Presentasjonen til Marius finn du her: Presentasjon Marius Bråtelund 01.11.2024 – SFO-nettverk i Sogn
Her er sjølve programmet: Program for fagnettverk SFO 01.11.2024
Fram til 5.januar kan du sjå streaminga frå føredraget (berre til internt bruk ved SFO og samarbeidspartar i Sogn): https://www.youtube.com/live/lTu5_vadL7Y