22 leiarar og samarbeidspartar deltok på dagssamling 13.november 2024 ved Sogndal Campus. Første halvdel av dagen gjennomførte me rektornettverk med tematikk «Dekomp» på agendaen. Her deltok Osvald Lykkebø og Linda Rebni  frå HVL. Etter felles lunsj vart det litt skifte i deltakarlista før me held fram med dialogmøte mellom ungdomsskulane og vidaregåande skular i Sogn der også skuleeigarane (kommune/fylkeskommune) var representert i møtet.  Eleven si stemme opna dialogmøtet med Selma og Hans Fredrik  frå VG1, som bidrog med viktige synspunkt og innspel til overgangsarbeidet.

Mange viktige tema og gode diskusjonar i plenum vart det tid til. Det er viktig å ha møteplassar og rutinar for  samarbeid på tvers av skular og rektorar.

 

Presentasjonar og referat frå rektormøtet og dialogmøtet:

       

Rektornettverk og dialogmøte 13.november 2024