Alle barneskular, PPT-kontor og samarbeidspartar i Sogn var invitert til digitalt føredrag med Robert Mjelde Flatås kring viktig tematikk som tilpassa opplæring, inkludering og elevmedverknad.
I løpet av 2,5 time guida Robert oss gjennom ny opplæringslov, omgrepet inkludering og tilpassa opplæring. Han drøfta også det å passa inn eller høyre til i fellesskapet – i lys av inkluderande praksis og Kompetanseløftet. Sist men ikkje minst stod elevmedverknad på planen- som ein av fleire måtar å styrka inkludering i klassen på.
Robert gav oss mange nyttige tips til bruk i klasserommet og gode refleksjonar kring eigen praksis.
Etter føredraget vart tida nytta til refleksjonsoppgåver på eigen skule/PPT for å «ta det ned» i eigen organisasjon. Me håpar de hadde gode diskusjonar i kollegiet!
Her finn du program, presentasjon, lenkje til artikkel og oppgåver som kan nyttast til vidare arbeid i skulen:
- Regional planleggingsdag for barnesteget 01.11.2024 – digital samling
- Refleksjonsoppgåver barnesteget 01.11.2024
- Presentasjon for barnesteget – Robert Mjelde Flatås 01.11.24
- Mummi på timeplanen! (utdanningsnytt.no)
Lenkje til opptak av det digitale føredraget vert sendt ut på e-post til leiarane ved skulane, PPT og samarbeidspartar innan kort tid.
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
«System for styrka læring»
Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06