Mange hundre barnehagetilsettte og samarbeidspartar i Sogn fekk ta del i den regionale planleggingsdagen 1.november 2024.
Tematikken for den digitale samlinga var «Å jobbe med menneske – meiningsfylt, men også krevjande» og føredragshaldarar Ruth Lødemel og Heidi Myrvold frå NAV arbeidslivssenter losa oss gjennom dagen på ein framifrå måte.
Me veit at kvaliteten på barnehagetilbodet er avhengig av korleis dei tilsette har det på jobb. Korleis dei planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidskvardagen. Arbeidet med barn, og samarbeidet med foreldre, gjer arbeidet meiningsfylt, men også belastande. Målet er at barnehagen og dei tilsette skal sjå på kva dei saman kan gjere for å møte dei emosjonelle krava og belastningane i jobben.
Heidi og Ruth gav oss mange nyttige tips til bruk i barnehagen/ kollegiet og gode refleksjonar kring eigen praksis.
Etter føredraget vart tida nytta til refleksjonsoppgåver i eigen barnehage/PPT for å «ta det ned» i eigen organisasjon. Me håpar de hadde gode diskusjonar i kollegiet!
Her kan du sjå opptak av føredraget som vart delt i to filmar som er tilgjengeleg for internt bruk i oppvekstsektoren fram til 5.januar:
Del 1 -Regional planleggingsdag for barnehagane i Sogn 01.11.2024.mp4
Del 2 -Regional planleggingsdag for barnehagane i Sogn 01.11.2024.mp4
Her finn du presentasjonar, program og oppgåver frå samlinga:
- Emosjonelle krav – Planleggingsdag barnehagar Sogn, 1. november 2024
- Oppgåver bhg. planleggingsdag 01.11.2024
- Regional planleggingsdag for barnehagane 01.11.2024