36 deltakarar var samla på HVL 1.mars for å lære meir om psykisk helse i barnehagen. Førre nettverkssamling i oktober hadde me mest fokus på fysisk helse, og det passa difor fint å veksle litt. Terapeut Frode Eikum bidrog med kunnskap om tema på ein svært interessant måte saman med god planlegging frå nettverksansvarlege i Rones barnehage i Sogndal.

 

Tema for dagen var

  • «Små barn lange dagar»
  • Kva fremmar psykisk helse hjå barnehagebarn?
  • Kva fortel studiet «Trygg før 3» oss?

 

Frode peika mellom anna på at tilsette som har jobba mange år i barnehagen ser nokre trendar:

  • Større press frå samfunnet rundt
  • Foreldre føler meir press i høve jobb
  • Barna har lengre dagar i barnehagen
  • Kravet til tilsette i barnehagen er større
  • Aktivitetsnivået er stort, stressa barn

 

Her kan du sjå presentasjonen til Frode Eikum: Presentasjon Frode Eikum 01.03.2023

 

Neste fagnettverksamling «Fysisk og psykisk helse» vert i starten av oktober 2023.

 

Fagnettverk barnehage – fysisk og psykisk helse 1.mars