Sara Eline Eide, dagleg leiar i UngOppvekst samla nyleg 85 deltakarar på Quality Hotel Sogndal for å reflektere rundt ufrivillig skulefråvær. Målgruppa for fagdagen var tilsette i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, PPT, helsestasjon, barnevern, BUP og andre tverrfaglege tenester for barn og unge i Sogn.

Årets tema for fagdag psykisk helse vart bestemt ut frå behov for meir kompetanse på dette viktige feltet. Eide gav oss eit overordna blikk på skulefråvær med omgrep, definisjonar, barne- og elevsyn, tilhøyrsle og inkludering, konsekvensane av utanforskap og mobbing. Vidare vart samarbeid mellom barnehagen/skulen, hjelpeapparatet og heimen vektlagt. Utfordringar, men også mogelegheiter. Korleis jobbe vidare? Den raude tråden i dette arbeidet er i følgje Eide relasjonar og mogelegheiter det gir.

 

Her kan du lese presentasjonen frå Sara Eline Eide: Presentasjon Sara Eline Eide 09.03.2023

 

Takk til alle som sendte inn spørsmål på førehand, og for aktiv deltaking i refleksjonar undervegs. Me håpar dette gav inspirasjon til å jobbe vidare med dette viktige temaet på eigen arbeidsplass.

 

Fagdag psykisk helse – ufrivillig skulefråvær 9.mars 2023