19.oktober var 39 deltakarar og 3 arrangørar samla på Campus i Sogndal for å dele kunnskap om språkutvikling og korleis ein kan jobbe praktisk og konkret med dette gjennom tidleg innsats i barnehagen. Her var blanding av både teori, praksis, film, samtalar og erfaringsdeling. Lærerikt og nyttig viss me skal oppsummere evalueringa deltakarane gjorde i etterkant. Det var spennande å sjå alt av språkmateriale som Hafslo barnehage stilte ut for oss – her var mykje matnyttig som me kan ta med oss heim og prøve ut sjølve.

 

Tusen takk til fagnettverksansvarlege i Hafslo barnehage ved Solveig og Marianne som losa oss gjennom dagen på ein utmerka måte! Takk også til HVL for god tilrettelegging på Campus!

 

Her finn du presentasjonane frå samlinga med gode lenkjer:

Språkutvikling og tidleg innsats

Språk i Hafslo barnehage

Fagnettverk barnehage – tidleg innsats og språkutvikling