15. og 16.september var 68 leiarar frå oppvekstsektoren i Sogn samla ved vakre Skjolden Hotel i Luster. Tema for samlinga var relasjonsleiing, samt «Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis».

 

Første dagen fekk me gjennomført styrarnettverk, rektornettverk og møte i «Kompetanseregion Sogn». Me utførte «walk and talk» i det vakre nærmiljøet medan me drøfta utfordringar innan det spesialpedagogiske feltet. Kreativ teambuilding stod på programmet om ettermiddagen, før me runda av med eit festmåltid med lokale spesialitetar.

 

Siste dagen fekk me oppleva sjølvaste Jan Spurkeland som guida oss gjennom temaet relasjonsleiing på ein interessant og lærerik måte. Det er ikkje utan grunn at Jan er den beste på sitt fagfelt i landet! Her kan du sjå presentasjonen: Presentasjon Jan Spurkeland sept.2022  NB! Berre til internt bruk i regionen

Takk for inspirerande dagar både fagleg og sosialt! Årlege treffpunkt som dette gir energi til å meistre kvardagen som leiarar i oppvekstsektoren i Sogn!

 

Her vert andre presentasjonar frå leiarsamlinga lagt ut etter kvart:

Referat frå styrarnettverk 15.09.2022

Presentasjon Lærarutdanningsbarnehageprosjektet

Presentasjon styrarnettverket 15.09.22

-Referat frå rektornettverket 15.09.22: Kjem seinare

-Referat frå «Kompetanseregion Sogn» 15.09.22: Kjem seinare

Presentasjon om eksamen – Skjolden 15.9.22

Walk and talk 15.09.2022

 

           

Leiarsamling i Skjolden – vitamininnsprøyting både fagleg og sosialt!