Som i 2020 blei fagdagen for grunnskulen i Sogn gjennomført digitalt med lokal plassering på skulane. Dagen starta med ein kort informasjon om det nye senteret « Vite Meir» som opnar i november dette året og som blir eit interessant tilskot i opplæringsarbeidet i regionen vår.

Tema for den felles fagøkta var «Elevmedverknad og vurdering, demokratiske prosessar i skulekvardagen og elevane si muligheit til å påverke eiga opplæring og undervisning» og det var Bjørn Bolstad frå Universitetet i Oslo som var fagformidlar. Han har tidlegare dette året hatt fagøkt med leiarane der det same  temaet var sett på dagsorden. I tillegg fekk vi praksisforteljing frå Grav skole som viste korleis teorien var omsett i skulekvardagen i skulen deira. Gine Stenvadet og Kristin Holmgren stod for presentasjonen frå Grav skole.

Kvar skule kunne så arbeide vidare med temaet lokalt  etter den digitale økta. Bjørn Bolstad hadde lagt inn gode refleksjonsspørsmål til dette arbeidet. Fagfornyinga blir fortsatt eit sentralt tema i fellesarbeidet i regionen.

Regional fagøkt for skulane i Sogn 11.08.2021