Med ca. 900 deltakarar gjennomførte regionen ein digital fagdag.

Barnehagetilsette fekk digital presentasjon om arbeid med barnehagelova og aktivitetsplikta i praksis. Det var mobbeombod i Vestland, Aina Drage som stod for det faglege innhaldet og dette var ei vidareføring av arbeid som leiarane starta med på ei leiarsamling i oktober.

Fagdagen for SFO – tilsette i Sogn 13.11.2020 vart gjennomført digitalt der nokre kommunar sat skule- vis medan andre samla sine tilsette i SFO innafor kommunen. Temaet for dagen var «Med leik som kompass» med fagformidlarane Lene Holte og Lene- Marie Monrad- Hole frå Styd kompetansesenter. Luster samla sine Sfo – tilsette på Hafslo barne – og ungdomsskule i gymsalen. Presentasjonen la til rette for fagleg påfyll, refleksjonsøkter og deling. Skulen fekk og vise fram sin Sfo, der dei hadde jobba i forkant med å tilretteleggje for at areala i Sfo skal i motivere og gje plass til kreativ og elevstyrt leik og eit godt psykososialt miljø i Sfo.

Skulane sine tilsette fekk vidare innføring i fagfornyinga og dette vart ei forlenging av den digitale fagøkta ved skulestart. Det var også denne gongen Dag Johannes Sunde som var fagformidlar

Bilete frå sfo- samlinga på Hafslo barne og ungdomsskule.

Fagdag for alle tilsette i barnehage, skule og Sfo i Sogn 13.11.20