Sogn regionråd tilbyr tilsette i barnehagar og skular modulopplæring i psykisk helse. Opplæringa går over 10 timar og dei fem tema er: 1) Haldningar og bakgrunnskunnskap, 2) kva som fremjar psykisk helse, 3) kjensler – å forstå og handtera dei, 4) risikofaktorar i barnehage og skule og 5) om å handtera teikn på vanskar. Opplæringa blir halde av Frode Schanke Eikum.
Leiarar som ønskjer opplæringa på sin arbeidsplass kan kontakta programleiar Inger Marie Evjestad inger.marie.evjestad@sogndal.kommune.no
Les meir i planen for god psykisk helse hos barn og unge
Modulundervisning i psykisk helse