Felles tema for leiarane i barnehage, skule og PPT var tilpassa opplæring og tidleg innsats med tid til erfaringsdeling og refleksjon i etterkant.
Aina Drage, mobbeombod i Vestland, var fagformidlar på temaet «Barnehagelova, kva betyr barnets beste i praksis» med leiarperspektivet som utgangspunkt. Skuleleiarane nytta Ingrid Jacobsen frå Høgskolen Innlandet med temaet Fagfornyinga, tverrfagleg arbeid, organisering og vurdering. Dette var ei forlenging av temaet frå leiarsamlinga i 2019 og fagdagen 12. august i år.

Det var lagt inn ei økt der deltakarane gruppevis arbeidde med problemstillingar og innspel til ny programplan, bygd på kort historikk, erfaring og evaluering av arbeidet som er gjennomført i gjeldande plan.

Både høgskulen og PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) hadde deltakarar på samlinga. Det var avsett tid til styrarnettverk, rektornettverk og nettverk for kommuneleddet på dag to. Samlinga var prega av stor aktivitet og interesse.

Presentasjonar:

Barnehagelova og barnets beste Aina Drage

Fagfornyinga ved Ingrid Jacobsen

Tidleg innsats-tilpassa opplæring Knut Åge Teigen

Problemstillingar før ny programplan Inger Marie Evjestad

 

Regional leiarsamling i Flåm