Den årlege fagdagen for grunnskulen i Sogn vart i år gjennomført som digitalt nettkurs med lokal plassering på skulane. Dagen var todelt med ei fagøkt med Bro kompetansesenter AOF v/Dag Johannes Sunde og deretter arbeid med temaet vidare i grupper. Tema for dagen var å sjå samanheng i fag og på tvers av fag og relevans i opplæringa. Elevmedverknad og elevsentrert undervisning vart det og sett søkelys på. Det vart gjeve konkrete tips til arbeidet med fagfornyinga. I tillegg kom ein bolk om vurdering i arbeidet og korleis ein kan planlegge skuleåret slik at elevane blir inkluderte på eit tidleg tidspunkt.

Det blir arbeidd vidare med temaet i fellesarbeid hausten 2020.
Dette vart ei annleis organisering av fagdagen på grunn av koronasituasjonen.

Fagdag 13

Digital fagdag i regionen. Her frå samlinga i Gaupne.

Bilde fagdag 13

Arbeid med temaet etter lunsj i Årdal

Fagdag 13

Frå gruppearbeidet i Aurland.
Regional fagdag for alle skulane