Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

NB! AVLYST! Tverrfagleg fagnettverk 1.-3.klasse

20/10/2022, kl. 09:00 - 15:00

Gratis

Fagnettverket måtte dessverre avlysast grunna få  påmeldte. Ynskjer dykk velkomne til neste samling 24.januar 2023.

 

Me ynskjer velkommen til tverrfagleg fagnettverk for lærarar som underviser i 1.-3.klasse

Sjå program som pdf-fil her: Program tverrfagleg fagnettverk 1.-3.klasse 20.10.2022

 

Tidspunkt: Torsdag 20. oktober 2022 kl 09:00 – 15:00
Stad: Stedjetunet, Kyrkjevegen 6, Sogndal (det nye bygget oppe ved Stedje kyrkje)

Lunsj: Ja, inkludert

Deltakaravgift: Nei, gratis

 

Tema:

  • «Nye» arbeidsmetodar og tverrfagleg arbeid etter Fagfornyinga
  • Elevmedverknad – erfaringar

 

Metode: Erfaringsdeling og pedagogisk verkstad (ikkje førelesing –> ingen fasitsvar)

 

Førebuing til fagnettverket:

Oppg.1: Førebu ein enkel presentasjon for dei andre; eit opplegg du har gjennomført der du jobba på tvers av fag, og gjerne der du fekk med element frå eit av dei tre tverrfaglege tema. Fint om du har presentasjonen i Power Point, eller slik det passar best for deg

Oppg.2: Kva har de av elevmedverknad som passer for elevgruppa og alder på elevane?

 

Program for dagen:

1.Kvar skule presenterer sitt opplegg for dei andre

2.Pedagogisk verkstad – Tverrfagleg arbeid

  • Klassestegsvis
  • Bli einige om eit tema alle kan jobbe med til neste samling
  • Korleis integrere element frå eit av dei tre tverrfaglege tema i eit bestemd tema?
  • Korleis nytte noko frå eit fag i eit anna fag?

 

3.Elevmedverknad

  • Kva gjer dei ulike skulane, klassestega…?
  • Vi deler gode ideer

 

Kort evaluering – ynskjelege tema for neste samling?

 

Ansvarleg for samlinga:

Anne Marit Aasen, inspektør ved Trudvang skule, Anne.Marit.Aasen@sogndal.kommune.no

 

Påmeldingsfrist: 17.oktober 2022 kl 12.00 her Komande Hendingar – Fagnettverk i Sogn

 

 

Velkomen til samling!

 

 

Beste helsing frå

Anne Marit Aasen                                                                         Ingrid Steine Bortne

Ansvarleg for samlinga                                                                Programleiar barnehage- og skuleutvikling

 

 

NB! AVLYST! Tverrfagleg fagnettverk 1.-3.klasse

Detaljar:

Dato
20/10/2022
Tid:
09:00 - 15:00
Billettpris:
Gratis

Arrangør

Sogn regionråd

Lokale

Kyrkjevegen 6, Sogndal
Kyrkjevegen 6
Sogndal, 6856
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
KristoffersenMalin
Luster kommuneHilde Lerum
LærdalØrjan Skilbrei
Lærdal kommuneHalfdan Nesse Johnsen
SogndalHeidi Bøtun Skartun

Påmeldte deltakarar

Ørjan Skilbrei Lærdal Heidi Bøtun Skartun Sogndal Hilde Lerum Luster kommune
Halfdan Nesse Johnsen Lærdal kommune Malin Kristoffersen

Påmeldinga er avslutta