Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Regional planleggingsdag for skulane, PPT og samarbeidspartar i Sogn – digital samling

13/08/2025, kl. 09:00 - 11:30

Gratis

Deltakarar: Alle tilsette ved skulane, PPT og andre samarbeidspartar i Sogn.

Tid: Onsdag 13.august kl 09.00-11.30. Etter lunsj vert det lokalt arbeid med tematikken vidare og anna arbeid.

Kvar: Einingane organiserer for felles digital sending og gjennomføring av refleksjonsoppgåver i høvelege grupper. Møtelenkje i Teams vert sendt til rektorane, PPT-leiarar og andre sentrale aktørar i veke 32. Fint om de loggar inn 10-15 minuttar før sendinga startar. Me set pris på om kamera dykkar er under sendinga, slik at me ser kvarandre.

 

Det er Læringsmiljøsenteret i Stavanger (gjennom samarbeid med Sogn Kompetanse) som bidreg til tematikken «Utfordrande åtferd» i tråd med Kompetanseløftet me har jobba med i fleire år. Dei tilbyr tre mikroemne som vidareutdanning og me får dermed ein liten smakebit. Les gjerne meir her.

Den første filmen/podcasten tek utgangspunkt i dei tre mikroemna:

  • Utfordrande åtferd i barnehage og skule – stress og regulering
  • Korleis forstår og møter me barn og unge som syner utfordrande åtferd?
  • Utfordrande åtferd – autoritativ rolle, sosial emosjonell læring og inkludering

Les heile invitasjonen som pdf-fil her: Invitasjon til regional planleggingsdag for skulane, PPT og samarbeidspartar 13.08.2025

Program:

  • 08.45- 09.00: Innlogging i Teamsmøtet
  • 09.00- 09.10: Velkommen v/programleiar Ingrid Steine Bortne
  • 09.10- 09.55: Film/podcast «Utfordrende atferd» ved Læringsmiljøsenteret. Filmen tek utgangspunkt i dei tre mikroemna nemnt over
  • 09.55- 11.00: Pause + gruppearbeid del 1: 6 refleksjonsoppgåver i grupper lokalt
  • 11.00- 11.30: Film «Ivaretakelse av ansatte i møte med utfordrende atferd» ved Nora Østby, Læringsmiljøsenteret + avrunding av den digitale sendinga
  • Etter lunsj: Gruppearbeid del 2: 4 refleksjonsoppgåver i grupper lokalt og evt. oppsummering/diskusjon av begge gruppearbeida i felles på eininga, organisert av leiinga

 

Det er fint om leiarane deler personalet inn i høvelege grupper på førehand slik at tida vert nytta effektivt. Sjå oppgåveark med filmlenkje vedlagt i teamslenkja. Me prøver også å gjere opptak av sendinga for internt bruk i regionen dette skuleåret, dersom nokon vil sjå sendinga seinare.

 

Det er inga påmelding til planleggingsdagen.

 

Me håpar de opplever den regionale planleggingsdagen som relevant og lærerik, og at det gir rom for refleksjon og gode diskusjonar i personalgruppa i etterkant. Me ynskjer dykk alle ei god digital læringsøkt saman med kollegaer frå heile Sogn!

 

Takk for at leiarane fyller ut evalueringa på vegne av personalet sitt innan 18.8: https://forms.office.com/e/3BFBcfWj4w

 

Ingrid Steine Bortne

Programleiar for barnehage- og skuleutvikling «System for styrka læring»

Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)

Regional planleggingsdag for skulane, PPT og samarbeidspartar i Sogn – digital samling

Detaljar:

Dato
13/08/2025
Tid:
09:00 - 11:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

System for styrka læring i Sogn
Telefon:
+4748250306
Epost:
ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no