
- Denne hending er over.
Regional planleggingsdag for skulane i Sogn – digital samling
15/08/2024, kl. 11:45 - 15:30
GratisDeltakarar: Alle tilsette ved skulane, PPT og andre samarbeidspartar i Sogn.
Tid: Torsdag 15.august kl 11.45-15.30. Føremiddagen nyttast til lokalt arbeid på eininga.
Kvar: Einingane organiserer for felles digitalt føredrag/workshop og refleksjonsoppgåver i grupper. Møtelenkje i Teams vert sendt til rektorane, PPT-leiarar og andre sentrale aktørar seinast 14.august. Fint om de loggar inn 10 minuttar før samlinga startar, så unngår me kanskje eventuelle tekniske utfordringar.
Alle løysingane på utfordingane med KI i skulen – Odin Nøsen
Kva gjer ein språkmodell, og kvifor er det viktig å vite når vi skal bruke dei i skulen? Kva gjer vi med elevar som juksar med den nye teknologien? Korleis brukar vi praterobotar i den vanlege undervisninga slik at det blir ein læringsfremmande aktivitet for elevane og lærarane?
Program for ettermiddagen:
- 11.45- 11.55: Musea i Sogn og Fjordane informerer kort om deira skuletilbod før føredraget om KI startar opp
- 12.00- 12.05: Velkommen v/programleiar Ingrid Steine Bortne
- 12.05- 14.00: Digital workshop om KI v/Odin Nøsen. Inkl.pause
- 14.00- 14.30: Utprøving, spørsmål, avklaringar
- 14.30- 14.45: Felles satsing: KI Sogn? Ei kort orientering v/ Turid Rauboti og Håvard Takle Sanden, nettverksansvarlege for «pedagogisk bruk av ikt i undervisninga»
- 14.45- 15.30: Einingane jobbar vidare med oppgåver/utprøving. Skuleleiinga eller andre leiarar styrer denne økta lokalt. Det kan også vere lurt å nytte meir tid på dette utover hausten i fellestid eller andre arenaer.
Les heile invitasjonen som pdf-fil her: Invitasjon til regional planleggingsdag for skulane, PPT og samarbeidspartar 15.08.2024
Det er inga påmelding til planleggingsdagen.