
- Denne hending er over.
Rådgjevarnettverk for ungdomssteget og vidaregåande skule
4. mars, kl. 08:15 - 14:30
GratisStad: Sogndal VGS, møterom «Stedje» i adm./ekspedisjonen (samlinga var tidlegare annonsert til Lærdal, men det vert utsett til hausten 2025)
Tidspunkt: Tysdag 4.mars 2025 kl 08.15-14.30
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Rådgjevarar i grunnskule og vidaregåande skule er hovudmålgruppa. Rektorane er og velkomne til å delta gjennom dagen viss ynskjeleg.
Du kan lese programmet som pdf-fil her: Program rådgjevarnettverk 04.03.2025
Program:
08.15- 08.30 | Velkommen og kort info om dagen v/Jarle, Christian og Ingrid |
08.30- 09.00 | Frukostseminar «karriereveildning.no» i Teams
Kompetansenettverket i karriere i Vestland inviterer på nytt til frukostwebinar. Tema: Korleis bruke «Karriereveiledning.no» som støtte i karriererettleiinga? Tenesta er offentleg og gratis, og er eit supplement til andre rettleiingstilbod for unge og vaksne. Tenesta tilbyr «drop in»- rettleiing på chat, telefon og e-post Dette kan nyttast av både elevar, foreldre, rådgjevarar og utdanningsvallærarar På nettstaden finn du også artiklar, quiz, filmar og andre verktøy. To døme på verktøy er: -«Ressurs for fagpersoner» som viser andres erfaringer med å integrere Karriereveiledning.no i egen veiledningspraksis. – Verktøy for å utforske interesser ved hjelp av kunstig intelligens. |
09.10- 09.40 | Sogneprodukt i Vik held innlegg om deira tilbod og rolle |
09.50- 10.50 | Me besøker HVL og får både omvising og informasjon |
11.00- 11.45 | Lunsj i kantina ved Sogndal VGS. Elevar ved Restaurant- og matfag serverer oss. |
11.45- 13.30 | Restaurant- og matfag inviterer til informasjon og dialog |
13.40- 14.20 | Diskusjon i rådgjevarnettverket:
§ Send gjerne inn tema/spørsmål på førehand § Vedlegg og informasjonsflyt – overgangen § Erfaringar frå innsøkinga 2025 § Hospitering i framtida? § Innspel frå elevar på rektornettverket i haust v/Ingrid
|
14.20- 14.30 | Vegen vidare for nettverket? Evaluering ved qr-kode |
Ansvarlege for samlinga:
Christian Kleiven, rådgjevar Leikanger ungdomsskule Christian.Kleiven@sogndal.kommune.no
Jarle Flo, rådgjevar Sogndal VGS Jarle.Flo@vlfk.no
Påmeldingsfrist: 26.februar kl 23. Meld inn evt. allergiar i merknadsfeltet.
Velkommen!
Beste helsing frå
Christian Kleiven og Jarle Flo Ingrid Steine Bortne
Ansvarlege for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling