
- Denne hending er over.
Fagnettverk norsk for minoritetsspråklege – ny dato 21.april
21/04/2022, kl. 09:00 - 15:00
Det blir litt endringar i programmet grunna flyktningkrisa (sjå punkt 2). Under punkt 1 tonar me det litt ned, det viktigaste er å dele kva som fungerer på dei ulike skulane og gi kvarandre tips.
Sjå programmet som pdf her: Program fagnettverk norsk for minoritetsspråklege 21.04.2022
Stad: Blaoboksen i Sogndal kulturhus
Tidspunkt: torsdag 21.april 2022 kl 09.00- 15.00
Program for dagen:
- Alle har med seg eit undervisningsopplegg (etter ny læreplan) som dei presenterer under samlinga etterfølgt av spørsmål og diskusjon. Erfaringsutveksling, idear, motivasjon. Det treng ikkje vere store og flotte opplegg, det kan like gjerne vere å fortelje om noko som har fungert godt.
- På grunn av at det kjem mange innvandrarar frå Ukraina, kjem samlinga til å innehalde ein sekvens om det ukrainske språket og kva som gjer norsk vanskeleg å lære.
- Tenkje ut forslag til program på neste samling. Er det nokre ynskje?
Lunsj: Enkel servering
Førebuingsoppgåve: Førebu ein presentasjon av eit opplegg du har gjennomført ut frå den nye læreplanen. Fint om du har presentasjonen i Power Point.
Ansvarleg for samlinga: Siv Helene Hovland siv.helene.hovland@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: 1.april 2022
Velkommen!
Beste helsing frå
Siv Helene Hovland Ingrid Steine Bortne
Ansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling