
- Denne hending er over.
Nettverk for lese- og skrivevanskar
2. april, kl. 12:00 - 15:30
GratisStad: Sogn PPT sitt møterom i 1.etg i Dalavegen 2, Sogndal
Tidspunkt: Onsdag 2.april 2025 kl 12.00-15.30
Målgruppe: Lærarar, spesialpedagogar og PPT-rådgjevarar
Lunsj: Ja, inkludert. Me startar med lunsj kl 12. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
NB! Ein må ikkje vera LOGOS-sertifisert for å delta i dette nettverket. Samlinga er ope for alle.
Det blir servert enkel lunsj på møterommet frå kl 12.00-12.30, det faglege opplegget startar kl 12.30.
Her kan du lese programmet som pdf-fil: Invitasjon og program nettverk for lese- og skrivevanskar 02.04.2025
Tematikk:
- Korleis fungerer dei nye rutinane for stadfesting av dysleksi? Kva er skulane sine tankar? PPT sine tankar? Ynskjer ein å halde fram slik vidare?
- Bjørg Irene Svangstu ved Gaupne skule viser skjema som ho har laga for å innhente informasjon frå føresette i forkant av Logos-testing. Drøfte erfaringane hennar og sjå på korleis dette kan vere nyttig for fleire å bruke.
- Bruk av Logos vs Dysmate (eventuelt Alfa). Korleis fungerer dette i skulane? Vert det brukt som eit diagnostisk verktøy eller som screening? Drøfte ulike erfaringar med dette (gruppestørrelsar, alder på elevar osv.)
- Alle kan ta med ein Logos dei ynskjer å drøfte. Me kan dele oss inn i grupper og drøfte resultat.
- Vegen vidare – Korleis ynskjer me å bruke nettverket vidare? Evaluering ved QR-kode.
Ansvarleg for samlinga:
Siri-Lise Nes Bøyum, Sogn PPT, Siri-Lise.Nes.Boyum@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: 26.mars kl 23.00. Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet.
Velkommen!
Beste helsing frå
Siri-Lise Nes Bøyum Ingrid Steine Bortne
Ansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling