- Denne hending er over.
Nettverk for andrespråksopplæring
10. september, kl. 09:00 - 14:30
GratisTidspunkt: 09:00 – 14:30, tysdag 10.september 2024
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus, Hovevegen 2, 6856 Sogndal
Lunsj: Ja, inkludert
Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar
Målgruppe: Lærarar som underviser norsk som andrespråk/ elevar med norsk som andrespråk (grunnskule, VGS, vaksenopplæring)
Etter å ha gjennomført ei digital kartlegging våren 2024 var det mange skular i Sogn som ytra ynskje om å delta på samlinga, og det vart stemt over ulike faglege tema. Me har teke utgangspunkt i dette når me har planlagt samlinga og håpar at dette vil falle i smak!
Les gjerne programmet som pdf-fil her: Program nettverk for andrespråksopplæring 10.09.2024
Program
09:00- 09:10: Velkomen! Agenda for dagen og generell informasjon v/ Mari og Ingrid
09:10- 11:30: Læringsstrategiar innan språkopplæring v/ Maria Kjosås Berge, HVL
11:30- 12:15: Lunsj (bagett og wraps)
12:15- 14:15: Tips til undervisningsopplegg og digitale ressursar v/ Sogndal opplæringssenter
14:15- 14:30: Avrunding og evaluering av nettverket
Det blir lagt inn pausar undervegs.
Det blir fagleg påfyll, diskusjonar i plenum og grupper og deling av gode erfaringar. Målet er å skape nettverk, lære noko nytt/friske opp kunnskapen og inspirere kvarandre til vidare arbeid etterpå.
Velkommen!
Ansvarleg for samlinga:
Mari Sannes Innerdal, Sogndal opplæringssenter , Mari.Sannes.Innerdal@sogndal.kommune.no
Påmeldingsfrist: Måndag 2.september kl 23 NB! Meld frå om evt. allergiar i merknadsfeltet i påmeldinga.
Beste helsing frå
Mari Sannes Innerdal Ingrid Steine Bortne
Ansvarleg for samlinga Programleiar barnehage- og skuleutvikling