Leiarsamling for oppvekstsektoren i Sogn
15. september, kl. 09:30 - 16. september, kl. 14:00
Det er med stor glede me inviterer til den årlege leiarsamlinga for oppvekstsektoren i Sogn 15.-16.september på Klingenberg Hotel på Årdalstangen https://klingenberghotel.no/ 😊
Datoen vart kunngjort allereie i vinter, men i tilfelle det har gått deg hus forbi: Set allereie kryss i kalender no før du går på sommarferie – eller så snart du kjem tilbake frå herlege feriedagar!
Kapasitet er ca 70 deltakarar (maks 63 rom til overnatting, 15 av dei er i Øvre Årdal), så her er det førstemann til mølla! Bindande påmelding opnar fredag 3.juli kl 9.00 via påmeldingssida vår: https://www.fagnettverkisogn.no/hending/leiarsamling-for-oppvekstsektoren-i-sogn-2/
Påmeldingsfrist er onsdag 12.august kl 23.
Målgruppe for samlinga er leiarar i oppvekstsektoren i Sogn:
- Styrarar og assisterande styrarar
- Rektorar og avdelingsleiarar/inspektørar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksenopplæring
- PPT-leiarar
- Kommunalsjefar oppvekst og rådgjevarar/leiarar oppvekst adm.
- Hovudtillitsvalde i våre 6 kommunar frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet
- Viss ledig kapasitet kan andre samarbeidspartar få tilbod om å delta
Tematikken for leiarsamlinga i år er korleis me kan forstå og praktisere forhaldet mellom det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske i eit inkluderande utdanningssystem, samt korleis utøve støttande leiing når tilsette vert utfordra i møte med utfordrande åtferd.
Til å inspirere oss og gi oss fagleg påfyll har me invitert med oss dyktige Kristian Øen frå Bergen til å vere med oss begge dagar. Han er lærar og spesialpedagog og har jobba i grunnskule, alternative opplæringstilbod, Statped, NLA Høgskolen og Universitetet i Bergen. Han skriv forskingsartiklar og jobbar mykje eksternt opp mot barnehagar, skular, PPT og kommuneleiing.
I tillegg vert det tid til forankring av handlingsplanen for System for styrka læring og nettverksbygging både fagleg og sosialt. Dette vil du med andre ord ikkje gå glipp av!
Oppstart av samlinga er tysdag 15.september kl 9.30 og me held på til kl 16 første dag. Om kvelden vert det felles middag og ei lita overrasking 😉 Onsdagen er det fagleg program frå kl 8.30-14. Så set av to fulle dagar om du kan!
Detaljert program kjem i august!
Sognaregionen v/System for styrka læring sponsar mykje av deltakaravgifta. Våre spesialprisar vert difor fakturert slik:
- Alternativ 1 «Full pakke»: kr 2200,- pr pers i enkeltrom inkl. ei overnatting, to dagar med fagleg påfyll, frukost onsdag, lunsj begge dagar, pausemat begge dagar, middag tysdag kveld og kulturelt/sosialt program.
- Alternativ 2 «Full pakke utan overnatting»: kr 1200,- pr pers utan overnatting. Dette inkl. to dagar med fagleg påfyll, lunsj begge dagar, pausemat begge dagar, middag tysdag kveld og kulturelt/sosialt program.
- Alternativ 3: Dagpakke tysdag: kr 500,- pr pers inkl. fagleg påfyll, lunsj og pausemat
- Alternativ 4: Dagpakke onsdag: kr 500,- pr pers inkl. fagleg påfyll, lunsj og pausemat
- Alternativ 5: Utvida dagpakke tysdag med middag: kr 1000,- pr pers inkl. fagleg påfyll, lunsj, pausemat, middag tysdag kveld og kulturelt/sosialt program.
Kommunen eller anna arbeidsgivar vil få tilsendt fellesfaktura for sine deltakarar i etterkant av samlinga. For dei tillitsvalde vert forbundet lokalt fakturert.
NB!! Når du melder deg på må du hugse to ting under merknad: Kva alternativ/pakke du ynskjer og om du har evt. allergiar.
Ser du nokon som manglar på mottakarlista må du gi meg beskjed. Er det nye leiarar eller hovudtillitsvalde må dei også få informasjon så raskt som mogeleg – her ligg hovudansvaret på kommunalsjefane.
Håpar å sjå deg på Årdalstangen i september! 😊
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
System for styrka læring
Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06
