- Denne hending er over.
Leiarsamling for oppvekstsektoren i Sogn
02/09/2025, kl. 09:00 - 03/09/2025, kl. 15:00
2000KrDet er med stor glede me inviterer til den årlege leiarsamlinga for oppvekstsektoren i Sogn 2.-3.september på Eikum Hotell på Hafslo.
Kapasitet er ca 70 deltakarar, så me må truleg ta to rundar med påmelding der førstemann til mølla gjeld… Påmeldinga opnar tysdag 24.juni kl 9.00 med påmeldingsfrist 6.august kl 23.
Målgruppe i 1.påmelding er: rektorar i grunnskule, vgs og vaksenopplæring, styrarar, PPT-leiarar, kommunalsjefar og oppvekstadm. på eigarnivå (inkl. barnehagemynde/adm).
Dersom det er ledig kapasitet etter 6.august vert påmeldinga utvida til avd.leiarar/inspektørar for skulane og ass.styrarar frå barnehage og mogeleg hovudtillitsvalde. Meir info om del 2 av påmeldinga kjem i august.
Tematikk for leiarsamlinga er LEIARSKAP, KONFLIKTHANDTERING, LEIARVERKTØY OG DET Å FØREBYGGE UBEHAGELEG STILLHEIT
Til å inspirere oss har me med oss to dyktige føredragshaldarar:
Dag 1: Dorrit Vignes Les meir om Dorrit Vignes
Dag 2: Ole Andre Bråten Leis meir om Ole Andre Bråten
I tillegg skal me jobbe med forankring av System for styrka læring i ny drakt etter omorganiseringa og det vert som alltid tid til nettverksbygging😊
Detaljert program kan du lese her: Program for leiarsamling ved Eikum hotell 02.-03.09.2025
Bindande eigenandel som vert fakturert er 2000 kr for full pakke med overnatting, tre rettars middag, to lunsjar, fagleg innhald og sosialt opplegg. For berre dagpakke vert prisen sjølvsagt lågare. Sjå meir informasjon i programmet over.
Skriv i påmeldinga om du har allergiar, og om du ynskjer full pakke eller dagpakke tysdag eller dagpakke onsdag. Om du berre skal ha dagpakke tysdag må du også skrive om du ynskjer middag om kvelden.
Les meir om hotellet her: https://www.eikum.no/
Håpar å sjå deg der!
Med helsing
Ingrid Steine Bortne
Programleiar barnehage- og skuleutvikling
Sognaregionen – Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO)
Tlf 48 25 03 06
