Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Fagnettverk pedagogisk IKT for skulane

5. februar, kl. 09:00 - 14:30

Gratis

Fagnettverk pedagogisk IKT 5.februar 2026

 

VELKOMEN TIL NETTVERK I PEDAGOGISK BRUK AV IKT I UNDERVISINGA 

 

Torsdag 5.februar kl. 9:00-14.30 

Lokale: Trudvang skule (avd. Guridalen), Trolladalen 26 og etter lunsj HVL

Rom: Verdandi i 1.etg Bragebygget. Sjå kart her: Bragebygget Verdandi, Bragebygget, Campus Sogndal – MazeMap

Lunsj: Ja, inkludert. Meld frå om evt. allergiar i påmeldinga

Deltakaravgift: Nei, samlinga vert dekka av regionale midlar

 

Sjå program som pdf-fil her: Program fagnettverk pedagogisk IKT 05.02.2026

 

Program

09:00-09:15: Velkomen! 

Me møtes ved inngangen på Trudvang skule, i Guridalen, og går gjennom programmet for dagen og generell informasjon.

 

09:15- 11:30: Korleis nyttar me best interaktive skjermar i klasseromma?

Håkon Bjørø, pedagogisk rådgivar i Scandec, vert med oss i dag for å vise korleis me kan nytte interaktive skjermar på gode pedagogiske måtar i klasserommet.

I denne økta får de mange konkrete, kreative og nyttige tips som de kan ta med rett inn att i klasserommet dykkar!

Scandec er ein av dei sentrale leverandørane av skjermar frå merka i3 (som erstattar Ctouch) og Promethean. I denne økta vil me nytte i3 Aspen 4 skjermen, men tipsa har òg overføringsverdi til bruk av skjermar frå andre merker.

Meir informasjon om skjermen og Scandec finn du på nettsida deira Aktiv undervisning

 

11:30- 12:30: Lunsj i HVL-kantina

 

12:30-13:10: Bli inspirert til å prøve ut Skabma!

Eit tverrfagleg spel om samisk språk, kultur, mytologi med meir.

v/Mette F. Reinertsen, rektor ved Jostedal oppvekstsenter.

 

13:10-13:15: Kort pause 

 

13:15-14:15: Tipshefte til føresette for ein god digital oppvekst i heimen

Me idemyldrar og lagar tipshefte til føresette med tips til bruk av digitale verktøy på heimebane. Arbeid i grupper. Med fokus både på nyttige og kreative tips til kva digitale verktøy kan nyttast til på fritida, og ikkje minst kva me tilrår at føresette avgrensar og passar på.

 

14:15-14:30:  Avrunding og evaluering av nettverket. 

 

Samlinga er open og aktuell for alle skuletilsette i grunnskule, VGS og vaksenopplæring, ikkje berre dei som jobbar med pedagogisk IKT særskilt.

 

Velkommen!

 

Ansvarlege for samlinga:

Håvard Takle Sanden, Luster kommune havard.takle.sanden@luster.kommune.no

Turid Rauboti, Sogndal kommune Turid.Rauboti@sogndal.kommune.no

 

Påmeldingsfrist: 28.januar kl 23. Meld frå om evt. allergiar/ behov i merknadsfeltet.

 

Beste helsing frå

 

Håvard Takle Sanden og Turid Rauboti                        Ingrid Steine Bortne

Nettverksansvarlege                                                           Programleiar barnehage- og skuleutvikling

Fagnettverk pedagogisk IKT for skulane

Detaljar:

Dato
5. februar
Tid:
09:00 - 14:30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

System for styrka læring i Sogn
Telefon:
+4748250306
Epost:
ingrid.steine.bortne@sogndal.kommune.no

Lokale

Trudvang skule (avd. Guridalen)
Trolladalen 26
Sogndal, 6856
+ Google-kart

Påmelde deltakarar

Kommune/organisasjonNamn
Luster kommuneHåvard Takle Sanden
Luster kommuneKari Merete Henjum
Luster kommuneKatrine Henden Nondal
Luster kommuneMette Frydenberg Reinertsen
Luster kommuneØivind Kristiansen
ScandecHåkon Bjørø
Sogndal KommuneHeidi Bøtun Skartun
Sogndal kommuneAndrea Turhus Raaen
Sogndal kommuneHallbjørg Eidhamar
Sogndal kommuneHenrik Johannessen Selvåg
Sogndal kommuneIvar Husum
Sogndal kommuneJoakim Ryland Steinholm
Sogndal kommuneKari Kongelf
Sogndal kommuneLina Hofslundsengen
Sogndal kommuneSindre Rørvik
Sogndal kommuneStine Marie Johansen
Sogndal kommuneTurid Rauboti
Sogndal kommuneØystein Dale
Vik kommuneMona Øksdal

Påmeldte deltakarar

Håvard Takle Sanden Luster kommune Mette Frydenberg Reinertsen Luster kommune Mona Øksdal Vik kommune Sindre Rørvik Sogndal kommune Øystein Dale Sogndal kommune Lina Hofslundsengen Sogndal kommune Ivar Husum Sogndal kommune Heidi Bøtun Skartun Sogndal Kommune Turid Rauboti Sogndal kommune Hallbjørg Eidhamar Sogndal kommune
Håkon Bjørø Scandec Katrine Henden Nondal Luster kommune Joakim Ryland Steinholm Sogndal kommune Kari Merete Henjum Luster kommune Henrik Johannessen Selvåg Sogndal kommune Stine Marie Johansen Sogndal kommune Øivind Kristiansen Luster kommune Kari Kongelf Sogndal kommune Andrea Turhus Raaen Sogndal kommune

Påmeldinga er avslutta